Rekordmange gruenderar dette er fellene du boer unngaa
TO FELLER: Tidlegare Google-topp Tarjei Vassbotn åtvarar i første rekke mot to feller for nyetablerarar: Å miste fokus og at ein tilbyr noko som er «kjekt å ha» - men som folk ikkje er særleg villige til å betale for.
Nytt

Rekordmange gründerar - dette er fellene du bør unngå

Teknologen Tarjei Vassbotn er ein av fleire tusen som har starta ny verksemd på Nordvestlandet. Les kva feil han åtvarar mot og korleis kriseåret ga gründerrekord.

Marius Rosbach
08.01.2021

Aldri før har fleire på Nordvestlandet starta sitt eige selskap, enn i kriseåret 2020. Årsakene er truleg fleire – men første nokre råd om kva ein bør vere ekstra merksam på som gründer.

Voldingen Tarjei Vassbotn har vore med å starte fleire selskap enn dei fleste. Han har leia Googles internasjonale avdeling for «internet of things» og vore med å bygge opp teknologiselskapet Disruptive Technologies.

Då han var busett i amerikanske Silicon Valley jobba han også med rådgjeving til norske bedrifter på oppdrag for Innovasjon Norge.

Starta nytt programvareselskap
Vassbotn stifta sjølv eit nytt selskap rett før jul med adresse i Volda, som førebels heiter «ProsjektX».

nettnohalf

Med på laget har han ørstingen Olav Sindre Kriken og bergensaren Grim Hegland Iversen, som tidlegare har leia den internasjonale Google Maps-avdelinga frå Sydney.

Inntil vidare vil ikkje Vassbotn seie så mykje om kva dei jobbar med. Men han avslører at det dreiar seg om ein form for programvare som blir tilgjengeleg via nettet som ei teneste.

– Har alle slags moglege unnskuldingar
Voldingen legg ikkje skjul på at han har gjort sine blemmer som seriegründer, og meiner dei viktigaste feila ein bør unngå, er heilt grunnleggjande.

– Dette er eigentleg feil som ein blir åtvara mot i «læreboka», men som mange gründerarar har alle slags moglege unnskuldingar for, om dei får direkte spørsmål, fortel Vassbotn til NETT NO.

Han peiker på to ting oppstartsselskap bør sjå opp for, og for å kome dit må han innom tre grunnleggjande spørsmål. Det første spørsmålet ein bør stille seg er heilt konkret kva ein vil med verksemda.

Overraskande ofte får Vassbotn heilt ulike svar frå gründerpartnarar - som sjølv trur dei er samkøyrde, om kor stor marknad dei vil å erobre, eller kor mange produkt dei har tenkt til å lage.

– Dei verkeleg gode gründerane klarar å sjå kva som er unikt med produktet deira og forfølgje det eine – sjølv om dei som kreative folk gjerne har mange andre idear som kan vere «kult å gjere», seier Vassbotn.

Med andre ord: Å miste fokus er felle nummer ein.

«Kjekt å ha» eller ein «painkiller»
Spørsmål nummer to ein gründer bør stille seg, er kva for eit problem ein eigentleg vil løyse. Vassbotn skil mellom «kjekt å ha»-produkt og «painkillers».

Det siste er noko som gir ei form for «smerte» hos dei potensielle kundane, til dømes i form av utgifter, eller at folk blir hindra frå å gjere noko dei vil. Og ikkje minst – det er eit problem dei er villige til å betale pengar for å bli kvitt.

– Om ein som gründer ikkje kan beskrive ein slik verdi av produktet, så er ein på tynn is, meiner Vassbotn.

Felle nummer to
Om eit oppstartsselskap har kome fram til at dei har ei løysing på ein sokalla «painkiller», kjem det tredje spørsmålet inn: Kvifor er ikkje dette løyst før?

nettnohalf

– Kanskje har ikkje teknologien vore tilgjengeleg, men det kan også vere heilt andre svar på spørsmålet. Mange gründerar er livredde for å få avkrefta at ideen deira er god, og tør ikkje gå ut i verda og teste den før det er for seint, seier han.

Her kjem felle nummer to inn: Ein risikerer å løyse eit problem som berre er «kjekt å ha», eller i verste fall - noko som allereie er løyst.

Vil revolusjonere husdyrbeite
Vassbotn trekk parallellar til teknologiselskapet Nofence som han også er involvert i. Dei har utvikla ei løysing som held dyr – i første omgang geiter, sau og storfe – innafor eit gitt område ved hjelp av klavar kring halsen.

– Dei skal enkelt sagt halde nokre dyr der dei vil ha dei. Men gjennom dette kan dei revolusjonere korleis dyr går på beite, og snu oppned på korleis mykje av landbruket utformast i verda. Slik bør ein kunne vere heilt tydeleg og definere på nokre få minutt kva ein driv med, seier han.

Nyleg henta selskapet inn 30 millionar kroner til vidare satsing. Ålesundaren Yngve Tvedt og Aksel Lund Svindal er mellom dei som har investert, slik dei også gjorde i Disruptive Technologies. Vassbotn meiner Nofence vil lukkast fordi dei har fokus på «den rette» utfordringa, og samtidig vore sparsame.

Nytt rekordnivå i 2020
Dei siste åra har talet på nyetableringar på Nordvestlandet gått jamt oppover. Førebelse tal frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) og Brønnøysundregistera viser at fjoråret blei eit nytt rekordår for Møre og Romsdal.

Rådgjevar May Britt Roald i Møre og Romsdal fylkeskommune har følgt utviklinga i arbeidet med den årlege fylkesstatistikken. Ho stadfestar inntrykket av at koronaåret ikkje tok knekken på etableringsviljen i regionen.

– Det er fleire indikatorar som slår inn og fortel at det skjer mykje i Møre og Romsdal no. Det er alle typar verksemder som etablerer seg, og det er mange som har vore etablert nokre år, som no tek nye steg, fortel Roald til NETT NO.

Den same trenden gjer seg gjeldande i Nordfjord-kommunane sør for fylkesgrensa, og før jul kunne Vekst- og gründersenteret til Innovasjon Noreg i Førde melde om rekordinteresse for deira aktivitetar.

– Er utruleg framoverlente
I møte med kommunane i Møre og Romsdal i løpet av året har rådgjevaren merka seg at bedriftene er villige til å omstille seg. Godt samarbeid mellom det offentlege, næringslivet og verkemiddelapparatet har sørga for å «smøre maskineriet» meiner ho.

nettnohalf

– Det har vore mange ekstraordinære midlar tilgjengeleg frå både kommunar, fylkeskommunar og til dømes Innovasjon Norge. Vi ser at dei bedriftene som får tilslag, er utruleg framoverlente når det gjeld å utvikle seg, fortel Roald.

NETT NO har tidlegare omtala at berre Oslo – med langt fleire innbyggjarar, kan måle seg med støtta bedrifter i Møre og Romsdal fekk frå Innovasjon Norge i fjor.

Mykje reiseliv, oppleving og teknologi
Hoppid-kontora i kommunane hadde fulle kurs gjennom fjoråret. Det meste har gått føre seg digitalt, og i det siste har rådgjevaren merka seg auka etterspurnad etter kurs etter arbeidstid. Det er stor variasjon i verksemdene gründerane vil starte opp.

– Dei som fekk tilslag på hoppid.no-midlar i kommuane, var ei ganske god blanding av reiseliv, oppleving, og bedrifter med utspring i næringane vi har vore sterke på i Møre og Romsdal. I tillegg ser vi at det dukkar opp fleire bedrifter som har et mykje større bærekraftsfokus, kor av fleire «tech»-bedrifter enn tidlegare, fortel Roald.

Sjølv om store delar av reiselivet har hatt eit turbulent år, trur ho at godt turistbesøk frå nordmenn, har fått mange til å sjå nye moglegheiter.

– Vi ser at det er fleire aktørar som har funne kvarandre, og på reiselivssida skjer det fleire spennande satsingar på søre Sunnmøre, fortel ho.

Trur på digitalt skifte
Seriegründeren Tarjei Vassbotn er ikkje overraska om koronapandemien utløyser meir gründerverksemd og nyskaping.

– Når folk kanskje får snudd oppned på livet, og kjenner på litt krisestemning, så begynner dei kreative hjernane og tenke på løysingar. Eg trur det er innebygd i oss og ein naturleg konsekvens, seier Vassbotn.

Han trur også koronapandemien vil få større innflytelse på samfunnet enn mange trur.

– Det skjer til dømes enorme ting med arbeidsmarknaden globalt for alle som driv med kunnskapsarbeid No har vi verkeleg funne ut at det er mogleg å møtast digitalt. Det å kunne jobbe når og kvar ein vil, trur eg har vore starten på noko mange har håpt skulle skje for lenge sidan, legg han til.

Medeigar og styreleiar i ProsjektX, Olav Sindre Kriken, er styreleiar og medeigar i Bakkar og Berg Media som publiserer NETT NO.

Les også: Gründere i gong med salet

Kom med tre tips til fjernarbeid

Startar brufabrikken for alvor om få veker

Blomstrande gründerverksemd i koronatida

Siste episode av podcasten Podium: Korleis skape ein god prestasjonskultur?

Ulstein-gründer sparar skular og studentar for tid og pengar

Arnstein starta som omreisande fiskehandlar


Det er fleire indikatorar som slår inn og fortel at det skjer mykje i Møre og Romsdal no. Det er alle typar verksemder som etablerer seg, og det er mange som har vore etablert nokre år, som no tek nye steg

Publisert: 08.01.2021 11:00

Sist oppdatert: 19.06.2021 13:01