Skarbø Gard foto Bjarne Øygard 11
HEIDER: Avdelingsleder i Innovasjon Norge Mari Klokk Leite overrakte diplom, blomster og prisen på 50 000 kroner til Kristine Skarbø og Carlos Ruiz Rabelo. Foto: Bjarne Øygard
Nytt

Pris til Stranda-gard

No går turen til landsfinalen.

Marius Rosbach
02.11.2022

Skarbø Gard er årets vinnar av Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2022 i Møre og Romsdal. Det melder Innovasjon Norge Møre og Romsdal på Facebook onsdag.

I tillegg til heider, ære og ein diplom, får bedrifta 50.000 kroner og deltaking i landsfinalen. Der kjempar deltakarane om 250.000 kroner og den nasjonale tittelen.

Prisen blir tildelt bedrifter som har vist god evne til nyskapning og næringsutvikling innan landbruket. Det meiner juryen at Kristine Skarbø og Carlos Ruiz Rabelo har gjort med garden.

– Garden Skarbø er eit vanleg vestlandsbruk med utfordringar både på storleik, arrondering og bratt terreng. Kristine og Carlos har klart å skape eit livskraftig bruk ved å få fleire «føter å stå på», heiter det mellom anna frå prisutdelaren.

Vidare blir det lagt vekt på korleis naturen rundt bruket er ein viktig del av heile konseptet, både for presentasjonen - og for smaken på ost og sider.

Publisert: 02.11.2022 19:51

Sist oppdatert: 02.11.2022 19:49

Mer om