Stranda skal gi folk vatn i munnen
PREMIERT: Året etter at dei lanserte sin første ost fekk Kristine Skarbø og ektemannen Carlos Ruiz Rabelo bronsemedalje i oste-VM. I fjor kom også den første sideren frå garden på marknaden. 
Nytt

Stranda skal gi folk vatn i munnen

Orkla- og Grilstadkonsernet satsar på at folk skal få lyst på frosenpizza eller spekeskinke berre dei høyrer ordet Stranda. 

28.12.2019

- Vi opplever at når folk fortel at dei er frå Stranda, så kjem Strandaskinke opp etter kort tid, seier prosjektdirektør Oskar Gjærde i Grilstadkonsernet.

Det er ei fjør i hatten for marknadsføringskampanjane til Grilstad, som spelar tungt på at skinke og andre spekematprodukt blir produserte nettopp på Stranda – under varemerket Stranda – av datterselskapet Stranda spekemat.

Idéen er blant anna at kvar gong Stranda blir nemnd i ein eller annan samanheng, så skal det få folk til å tenkje på Strandaskinke og dei andre spekematprodukta frå Grilstad-konsernet.

nettnohalf

Orkla-konsernet har sin eigen variant, med historia om pizzaproduksjonen på Stranda, som eit fast innslag på baksida av Grandiosa-kartongane. Effekten er den same, namnet Stranda utløyser lyst på pizza.

NETT NO vil gjennom Jule- og Nyttårshelga publisere mange av artiklane i NETT NO-magasinet 2019 på nett, i oppdaterte versjonar. NETT NO er ei abonnementteneste, men magasin-artiklane legg vi opne for alle for å gi også ikkje-abonnentar ein smakebit. Del gjerne desse artiklane med andre du meiner vil ha glede og nytte av eit abonnement. Klikk her for å lese heile magasinet i pdf-format.

Over 700 tilsette
Over 700 personar har levebrødet i sitt i næringsmiddelindustrien på Stranda og tilhøyrande underleverandørar. Det gjer Stranda til ein av dei store næringsmiddelindustrikommunane i Noreg, målt i høve til folketalet.

- Det er utruleg viktig for oss med den næringsmiddelindustrien som ligg her, seier dagleg leiar og medeigar Gunnar Berge i Stranda Stålindustri.

Selskapet har 11 på lønningslista og har adresse på Svemorka industriområde, med Norsk Sjømat, Optimarbedrifta Seaside og pizzafabrikken til Orkla som næraste naboar.

Dei store investeringane til næringsmiddelindustribedriftene på Stranda er gull verdt for Stranda Stålindustri.

- Eg tvilar sterkt på at Stranda Stålindustri hadde eksistert om det ikkje var for den byggeboomen, seier Berge.

Den største aktøren er og den som satsar mest.

I 2017 kom dåverande Orkla-sjef Peter Ruzicka til Stranda for å fortelje at konsernet skulle investere ein halv milliard på Stranda framover. Investeringsprogrammet er godt i gang, og pizzaproduksjonen og produksjonskapasiteten har aldri vore større.

Stein Ove Helstad har vore med sidan han var 22 år i 1981.

- Eg var i produksjonen, laga pizzasaus, jobba på linja. Vi gjorde alt, seier Helstad.

Tomatpuré i hermetikkboksar
I starten kom tomatpureen i hermetikkboksar.

- Eg vart ein racer til å opne hermetikkboksar, seier han.

I dag er han administrasjonssjef på Orkla-fabrikken. Det som var manuelle operasjonar då Helstad blei tilsett er i dag blitt arbeid for robotar. Det har også konsekvensar for bemanninga. I dag har Orkla om lag 175 tilsette på Stranda, på topp var det over 200.

Investeringsprogrammet som Orkla sette i gang i 2017 har auka produksjonskapasiteten frå 85 pizzaer til 114 pizzaer i minuttet på kvar av dei to produksjonslinene i fabrikken i Svemorka.

Ikkje berre er produksjonen meir automatisert, det er og bygd inn reservekapasitet som sikrar at produksjonen kan gå som planlagt sjølv om ei av produksjonslinene stoppar. Før måtte produksjonen stoppe eller reduserast inntil feilen var funnen og reparert.

Butikkane sel pizza frå Stranda for 1,1 milliardar kroner i året.

Åtte fulle vogntog går til og frå dei to fabrikkane på Stranda kvar dag. Det går med 1500 tonn kjøt, 450 tonn paprika, 8230 tonn mjøl, 1700 tonn tomatpuré og 4850 tonn ost i året. Osteforbruket tilsvarar mjølk frå 250 - 300 mjølkebruk.

nettnohalf

Ein milliard investert
Saman med slakteri- og kjøtforedlingsbedrifta Ole Ringdal på Hellesylt og Norsk Sjømat på Stranda utgjer Orkla og Grilstad-konsernet dei fire store aktørane i næringsmiddelindustrien i kommunen.

I løpet av dei fire siste åra har dei fire store investert og bestemt seg for investeringar for rundt ein milliard kroner (NETT NO sitt anslag).

Investeringbølgja ser ikkje ut til å vere over.

Per Magne Grøndahl, medeigar og dagleg leiar i Norsk Sjømat-konsernet fekk tidlegare i år tommelen opp frå Fiskeridepartementet for planane om eit oppdrettsanlegg som kombinerer yngelproduksjon i ein av de tomme møbelfabrikkane i Stordal og sjøanlegg.

I alt er det snakk om ei investering på 250-300 millionar kroner, anslår han.

Stranda hadde tidlegare ein stor møbelindustri. Det var her Peter Iverson Langlo (P.I. Langlo) i 1908 starta korgproduksjon som blei starten på møbelindustrien på Sunnmøre.

Samstundes som møbelindustrien på Stranda krympa vaks næringsmiddelindustrien fram. Det har skapt eit miljø som alle aktørane tener på, og er også eit gode for heile Stranda-samfunnet, meiner Grøndahl.

- Det har betydd enormt. Det er det som har gjort at Stranda har klart seg så bra, seier han.

nettnohalf

Over 90 prosent av inntektene til Norsk Sjømat er eksportinntekter. Det gjer at Stranda-namnet ikkje blir brukt i marknadsføringa. Men også Norsk Sjømat har vurdert å ta i bruk Stranda-namnet i marknadsføringa, retta mot innanlandsmarknaden, nettopp fordi namnet utløyser positive tankar om mat.

For Ole A. Ringdal hos Ole Ringdal på Hellesylt er ikkje Stranda-namnet ein del av marknadsføringa, men selskapet brukar i aukande grad naturen og kortreist mat i marknadsføringa si.

Og også dei tener på næringsmiddelindustrimiljøet i kommunen, meiner Ringdal.

- Det har betydning i den forstand at sjølv om vi er konkurrentar så utvekslar vi erfaringar og hjelper kvarandre ved høve, seier Ringdal.

nettnohalf

Starta med bronse i oste-VM
Heime på Skarbø, nokre få kilometer frå Stranda sentrum har Kristine Skarbø og ektemannen Carlos Ruiz Rabelo etablerte ysteri og sider-produksjon. Dei overtok hennar heimegard for fem år sidan. Ho er antropolog og har jobb hos Norges Miljø og Biovitenskaplige universitet, han er ingeniør i Stranda kommune. Småskalaprodusenten reknar med vekst.

- Vi har lyst til å leve meir av garden, seier Skarbø.

Den første osten blei seld i 2017, og i 2018 fekk dei bronsemedalje i oste-VM for ein av ostane sine. I fjor kom og dei første siderflaskene frå Skarbø Gard ut i marknaden.

Etterspørselen er ikkje bremseklossen.

- Det er ikkje problem å få seld det vi har laga, seier Skarbø.

Gjærde i Grilstadkonsernet er glad for at nye aktørar kjem til.

- Det er fortsatt god fart og fortsatt investeringsvilje og –evne i bedriftene, og det er også hyggeleg å sjå at det er ein del lokalmatprodusentar som kjem etter, seier Gjærde.

For tre år sidan kjøpte Grilstad ein av nykomarane, Tind Spekevarer, produsenten av spekematprodukta Tind. Tind-selskapet blei etablert i 2005/2006 då dei dåverande eigarane av Ringstad Pølsefabrikk ville legge ned.

Ei gruppe tilsette og Bjørn Ringstad, barnebarn til grunnleggaren, gjekk saman om å drive vidare og gjorde det til Grilstad kom inn.

Gjærde trur Tind-produkta har eit stort potensiale ved sidan av Stranda Spekematprodukta.

- Vi skal bygge det vesentleg større enn i dag, seier han.

Matfylke
Då Anders Adolfsson i 2015 kom til kjøkkensjefjobben på Stranda Hotel fekk han også ansvaret for serveringa i skibakkane på Stranda.

Då var det industrielt produsert burger og brød og pulverbasert potetmos og pølse som sto på menyen.

I dag er menyen oppgradert, og i langt større grad basert på lokale råvarer. Pølser står framleis på menyen, men det er pølser med ei historie, seier Adolfsson.

Folk er viljuge til å betale, og maten blir og eit middel i marknadsføringa. Det er framleis ikkje slik at matopplevingar er hovudgrunnen til at folk reiser til Nordvestlandet, men god mat med ei historie hjelper, meiner han.

Adolfsson er også prosjektleiar for Smaken av Sunnmøre, eit prosjekt som skal fremje lokal matkultur, med medlemer frå fleire deler av verdikjeda som lagar, distribuerer og sel mat.

- Vi er eit matfylke og det bør vi vise fram mykje meir enn vi gjer, seier Adolfsson.

Han rosar samspelet mellom dei ulike aktørane i næringsmiddelbransjen på Stranda, der også dei små og nye aktørane er viktige.

- Vi treng dei små for å trykke på med nye saker, for å utvikle nye ting, seier Adolfsson.


Vi er eit matfylke og det bør vi vise fram mykje meir enn vi gjer 

Publisert: 28.12.2019 06:00

Sist oppdatert: 13.04.2023 12:48