Trond Hakon Schaug Pettersen CEO Salmon Evolution 1
HÅPER PÅ PRISAUKE: Lakseprisane byrja å stige etter sommarferien i år. Salmon Evolution-sjef Trond Håkon Schaug Pettersen ventar prisauke framover. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Prisfall svir for Salmon Evolution

Har fått 31 kroner mindre per kilo laks i år enn i fjor.

11.11.2025

I tillegg til eit prisfall frå 99 til 67,80 kroner kiloen i gjennomsnitt samanlikna med dei ni første månadane i 2024, har Salmon Evolution også auka kostnadar. 

Hittil i år har det kosta 80,30 kroner å produsere ein kilo laks i det landbaserte oppdrettsanlegget til Salmon Evolution i Indre Harøy. I same periode i fjor kosta det 66,20 kroner. 

Konsekvensen av prisfall og kostnadsauke er tresifra millionunderskot per 3.kvartal (sjå tabell under).

Ventar prisauke
I september i år steig prisen i spotmarknaden, der laks blir handla frå dag til dag, til 72,74 kroner kiloen. I oktober var prisen 74,58 kroner kiloen ifølgje laksebørsen Fish Pool.

I kvartalsrapporten for 3. kvartal skriv Salmon Evolution at selskapet ventar høgare prisar neste år og framover. Det er ei forventning som også kjem fram i Fish Pool sin statistikk over prisen på kontrakter for levering fram i tid.

Testar byggesteg to
Innan 30 dagar vil Salmon Evolution starte testing av andre byggesteg i anlegget. Første utsett av smolt i byggesteg to skal gjerast i første kvartal neste år.

Andre byggesteg vil meir enn doble produksjonskapasiteten til Salmon Evolution. I 2026 ventar selskapet å slakte 7000 tonn (sløyd og hovudkappa) laks. Det er 50 prosent meir enn i år. 

Salmon Evolution ASA  
Pr. 3. kvartal. I mill. kroner20252024
Driftsinntekt227,3322,0
Driftsresultat-136,36,6
Resultat før skatt-172,7-20,5
   
Salmon Evolution ASA  
3.kvartal, I mill. kroner20252024
Driftsinntekt85,551,3
Driftsresultat-35,8-14,2
Resultat før skatt-46,3-25,6

Publisert: 11.11.2025 07:39

Sist oppdatert: 11.11.2025 11:23

Mer om