– For tida har vi i ei periode med låge prisar og høg eksport, noko som betyr låge prisar i fiskediskane, seier sjømatanalytikar Herman Dahl i Nordea.
Dette gjer at fleire kundegrupper vel oppdrettsfisk til middag - noko som vil seie at marknaden blir større.
- Deretter kjem ei ny runde med å dra i bremsa, og ein går frå høg volumvekst til null, og vi får ei ny periode med stigande prisar. Bonusen er at når prisane går opp igjen, så følger gjerne dei nye kundane med.
– Så det som skjer akkurat no er at oppdrettsbransjen på sett og vis driv og gjødslar kundegrunnlaget sitt ved å lokke utlendingane med billeg norsk laks?
- Ja. Dei bygger marknaden sin, rett og slett, seier Dahl.
Med andre ord: Låge prisar i år, gir gevinst neste år.
Eksportvolumet har auka
Denne veka gav Dahl sine vurderingar av laksemarknaden på eit møte i Havbruksnettverket i Næringsforeningen Ålesundregionen. Der spådde han prishopp neste år.
– Enkelt forklart; i år når produksjonsvolumet og eksporten aukar, fører det til eit fall i prisane. Når tilgangsveksten så går mot null igjen blir resultatet høgare prisar, seier Dahl.
For tida er den norske oppdrettsnæringa inne i den førstnemnde del av syklusen. Prisnivået på oppdrettslaks har ramla frå rundt 90 kroner kiloen i 2024, til eit forventa årssnitt på 75-76 kroner for i år.
Til gjengjeld har eksportvolumet, og dermed konsumet av norsk oppdrettsfisk i utlandet, auka massivt.
Spår prishopp i 2026
Dahl ventar at lakseprisen vil ta seg opp betrakteleg til neste år, fordi det ikkje ligg an til ytterlegare vekst i oppdrettsproduksjonen.
Nordea anslår eit nivå på rundt 86 kroner i 2026, som vil vere ein auke på knappe 15 prosent frå i år.
– Det er vanskeleg å sjå for seg at vi skal få nokon stor vekst i den norske eksporten framover. Då er det i så fall veldig mykje som må klaffe på produksjonssida, seier Dahl.
Liten toll-effekt førebels
– Har sanksjonane mot Russland eller toll-raslinga frå USA hatt mykje å seie for norsk eksport?
– Nei, ikkje mykje. Situasjonen rundt Russland har vi levd med i mange år, og tariffane frå USA slo fyrst inn i august, seier Dahl.
– Vi har heller ikkje sett at tariffane har skapt betydeleg endring i eksporten til USA. Konsumentane ville nok merka ei større effekt hvis lakseprisane var høgare. For tida er vi i ei periode med låge prisar, og då blir ikkje tollpåslaget så merkbart på den endelege prislappen.
Har nådd produksjonstoppen
Samanlikna med fjoråret har marknaden i 2025 vore prega av betrakteleg lavare prisar, men betrakteleg høgare volum.
Ifølge analytikaren ser det no ut til at utlandet ikkje kan vente seg stort meir norsk laks i denne omgang.
– Eksportverdien har ligge flatt dei fyrste åtte månadane av 2025, og det er vanskeleg å sjå nokon openberre teikn til etterspurnaden skal auke betydeleg, seier Dahl.
Han seier dette delvis skuldast at bransjen allereie har auka volumet med 10 prosent i år, og produksjonsevna dermed er nær fullt utnytta. Ein annan grunn er at ein stangar i biomasse-taket som myndigheitene har fastsett.
– Det er tilbodssida som hovudsakleg held att volumveksten. Og ein begrensande faktor er at det tek lang tid å få på plass godkjenningar og reguleringar rundt nye former for oppdrett.
Publisert: 26.09.2025 05:00
Sist oppdatert: 25.09.2025 23:52






