Havfisk illustrasjon foto Havfisk
PRISHOPP: Kvotekutt løfta prisen på torsk til over 50 kroner kiloen for Lerøy Havfisk i første kvartal. Det er 22 prosent meir enn i 1. kvartal 2022.Foto: Havfisk
Nytt

Prishopp på torsk og drivstoff

Stabil inntekt og lønsemd i villfisksegmentet trass færre torsk og dyrare drivstoff.

16.05.2023

Lerøy Havfisk fekk 50,60 kroner kiloen for torsken selskapet fiska i 1. kvartal i år. Det er 13 prosent høgare enn gjennomnsnittsprisen i 2022 og 22 prosent høgare enn gjennomsnittprisen i første kvartal 2022.

Torsken er den viktigaste fiskeslaget både for fiskebåtreiarlaget Lerøy Havfisk og foredlingsbedriftene i Lerøy Norway Seafoods, som begge er datterselskap i konsernet Lerøy Seafood Group, og utgjer forretningsområde villfisk i konsernet.

Torskekvotane er lågare i år enn i fjor, men dersom dagen prisnivå på torsken held seg vil fangstinntektene frå torskefisket bli nesten like store som i fjor, og medverka til at driftsinntekter og driftsresultat for forretningsområde villfisk i 1. kvartal 2023 blei omlag som i 1. kvartal 2022 (sjå tabell).

Foredlingsverksemda i forretningsområde villfisk fekk betre betalt for torskeprodukta sine i første kvartal, men prisauken på produkta har ikke vore like stor som prisauken på fisken. Det set marginane under vesentleg press, skriv Lerøy Seafood Group i kvartalsrapporten for 1. kvartal.

Les børsmelding her

Samanlikna med 1. kvartal i fjor betalte Lerøy Seafood Group 40 prosent meir for drivstoff i 1. kvartal i år. Selskapet brukte mindre drivstoff enn året før, men betalte likevel 24 millionar kroner meir i 1. kvartal i år.

"Utviklingen i råstoffpriser er positiv for hvitfisk segmentet samlet sett, men denne positive effekt er blitt motvirket av lavere reduserte kvoter, høyere mannskaps- og bunkerskostnader. Det er krevende for landindustrien å få økt prisene for sluttproduktene i takt med utviklingen i råvarekostnader.", skriv Lerøy Seafood Group i kvartalsrapporten.

Forretningsområde villfisk i Lerøy Seafood Group
1. kvartal. I mill. kroner20232022
Driftsinntekt10791031
Driftsresultat229236
Lerøy Seafood Group ASA
1. kvartal. I mill. kroner20232022
Driftsinntekt69715524
Driftsresultat14301170
Resultat før skatt13351125

Publisert: 16.05.2023 08:54

Sist oppdatert: 16.05.2023 08:55

Mer om