Ørskog Sparebank hadde ei utlånsvekst på 4,8 prosent i tredje kvartal. Banken skriv at den merka auka etterspørsel etter lån og fleire eigedomar som skifte eigar i kvartalet. (Veksten er medrekna utlån gjennom Eika Boligkreditt. For banken åleine er utlånsveksten 5,8 prosent)
Den auka låneetterspørselen vil banken gjere om til ein større utlånsvekst og skriv i kvartalsrapporten for 3. kvartal 2023 at den "har iverksett tiltak for å auke utlånsveksten, og .ventar effekt av desse tiltaka allereie i 4. kvartal. Mellom anna er bemanninga auka.".
Det er utlån som private som aukar, medan utlåna til bedriftskundar står stille samanlikna med 3. kvartal 2023. Lån til bedrifter, medrekna landbruket, utgjer 22 prosent av samla utlån.
Fleire avslag
Banken har små tap og fryktar heller ikkje store tap framover.
Med unntak av einskilde bransjar, som bygg- og anleggsnæringa, er kapasitetsutnyttinga i næringslivet høg og arbeidsløysa låg.
Men det er framleis vansklegare å få løn enn for få år sidan.
"Auka levekostnadar og eit rentenivå vi ikkje har sett sidan 2008, gir framleis fleire avslag på lånesøknadar frå nye og eksisterende kundar enn tidlegare", skriv banken i kvartalsrapporten.
Ørskog Sparebank | ||
Pr. 3. kvartal. I mill. kroner | 2024 | 2023 |
Inntekt | 81,4 | 78,3 |
Resultat før tap | 42,6 | 40,4 |
Resultat før skatt | 40,7 | 34,2 |
Ørskog Sparebank | ||
3. kvartal. I mioll. kroner | 2024 | 2023 |
Inntekt | 26,9 | 26,6 |
Resultat før tap | 13,2 | 13,6 |
Resultat før skatt | 11,0 | 8,1 |
Publisert: 11.11.2024 09:30
Sist oppdatert: 11.11.2024 09:30