Prodtex-partnar nådde ikkje opp
Får ikkje konkurrere om brubygging Troms.
Prodtex håpa å sikre seg kontrakt på bygging av den nær 900 meter lange Ramfjordbrua i Tromsø for Statens vegvesen.
Om dei fekk oppdraget ville selskapet ha behov for å hente opptil 30 millionar kroner i ny eigenkapital frå investorar.
– Oppdraget vil samtidig bety ei omsetning på kring 400 millionar kroner for Prodtex, sa Prodtex-medgrunnleggar Tore Roppen under ein presentasjon i mars i år.
Alliert med kinesisk selskap
Prodtex var ifølgje Statens Vegvesen samarbeidspartnar med det kinesiske selskapet SRBG. Ingen av dei kinesiske selskapa vart vurdert til å vere rettighetshavarar til å vere med i konkurransen, og vart ikkje plukka ut til finaleomgangen, ifølgje Statens Vegvesen.
Dei tre tilbydarane som skal vere med vidare i konkurransen er NCC Norge, Arbeidsfellesskapet Bertelsen & Garpestad AS og Metrostav Norge og Arbeidsfellesskapet Hæhre og PNC.
- Vi har vald ut dei te vi meiner vil gi oss ein reell og god konkurranse, seier prosjektleiar Jøran Heimdal i Statens Vegvesen.
Automatiserer sveising
Prodtex har hovudkontor i Ulsteinvik og produksjonsanlegg på Fiskåholmen i Vanylven.
Ideen bak selskapet er å automatisere sveisearbeid slik at stålkonstruksjonar bygd i Noreg blir konkurransedyktige med konstruksjonar bygd i utlandet.
Publisert: 13.10.2022 15:20
Sist oppdatert: 13.10.2022 15:42