Prodtex siktar mot større oppdrag
Vurderer å hente inn frisk kapital om stort bruoppdrag kjem i boks.
Selskapet Prodtex jobbar for å sikre seg større kontraktar. Om dei lukkast, vil det vere behov for meir kapital. Prodtex-sjef Sigbjørn Nordstrand og forretningsutviklar Tore Roppen deltok onsdag på Investormatch der dei presenterte planane sine for investorar.
Selskapet håpar å sikre seg kontrakt på bygging av den nær 900 meter lange Ramfjordbrua i Tromsø for Statens vegvesen.
I tilfelle vil dei også ha behov for å hente opptil 30 millionar kroner i ny eigenkapital frå investorar.
– Oppdraget vil samtidig bety ei omsetning på kring 400 millionar kroner for Prodtex, la Roppen til under presentasjonen.
Meiner Tromsø-bru er eigna som pilot
Ved hjelp av avansert robotteknologi har Prodtex har utvikla ein produksjonsmetode som til no har vore brukt til å lage mindre bruer i stål. Ein av dei store fordelane er langt lågare utslepp, enn alternativ produksjon der elementa blir frakta frå Kina.
Førebels er ingenting avgjort kring oppdraget med Ramfjordbrua, men Statens vegvesen meiner prosjektet eignar seg som pilotprosjekt for Prodtex sin metode.
Prodtex er involvert også i forarbeida til store fjordkryssingsprosjekt på ny E39-veg. Førebels er det eit stykke arbeid som står att før selskapet kan konkurrere om desse store prosjekta, men dei legg ikkje skjul på at det er målet.
Meir om Investormatch:
(saka held fram under)
Vil lage meir enn bruer
Prodtex har hovudkontor i Ulsteinvik og bruene blir produsert på Fiskåholmen i Vanylven.
– Vi ønsker også å gå til andre segment, påpeika Roppen.
Vindturbinar til havs er til dømes ein stor marknad som kan vere aktuell for deira sin metode. Innan 2050 er det anslått at det vil vere produsert kring 20.000 slike vindturbinar. Behovet svarar til ein stålproduksjon tilsvarande 1000 hurtigruteskip årleg, ifølgje Roppen.
Også oppdrettsnlegg og andre konstruksjonar i stål kan vere aktuelle områder for Prodtex å gå inn på.
Siktar mot milliardomsetning
Under presentasjonen onsdag viste også Roppen til dei vidare framtidsplanane om strategien lukkast.
På sikt ser selskapet for seg å ha kapasitet på kring 80.000 tonn stål og ei omsetning på mellom fire og åtte milliardar kroner. I eit slikt scenario vil dei også vere avhengig av nytt og utvida produksjonsanlegg.
Då er heller ikkje ei børsnotering utelukka, fortel Roppen – men er snar til å påpeike at det ikkje er eit mål i seg sjølv.
Publisert: 23.03.2022 18:12
Sist oppdatert: 23.03.2022 17:53