NTB rt Wa Gt Ps8w
LÅGARE VEKST: Eiendom Norge trur bustadprisveksten vil bli meir moderat neste år. Illustrasjonsfoto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK
Nytt

Prognose: Bustadprisane vil stige mindre neste år

Bustadprisane vil stige med 4 prosent i 2022, trur Eiendom Norge, som anslår at prisutviklinga blir lågare i Oslo enn i dei andre storbyane.

20.12.2021

NPK-NTB-Oda Ertesvåg: Administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge trekkjer fram at renta har stor betydning for bustadprisane, og at varsla høgare renter i 2022 vil redusere prisveksten samanlikna med 2020 og 2021.

I fjor anslo foreininga ein oppgang på 7,5 prosent i 2021, men det ser ut til at utviklinga vil ende noko lågare. I november var bustadprisane 6,6 prosent høgare enn for eitt år sidan.

For neste år er anslaget meir moderat – 4 prosent.

– Auka renteutgifter for bustadeigarane i kombinasjon med stabil bustadbygging og låg folkevekst tilseier ei meir moderat prisutvikling enn det vi har sett dei siste to åra, og då spesielt i Oslo, seier Lauridsen i ei pressemelding.

Endra etterspurnad i Oslo-området

I hovudstaden trur Eiendom Norge at bustadprisane vil stige med 3 prosent neste år, medan prisane i Bergen og Stavanger vil stige med 6 prosent. I Trondheim blir det spådd ein prisoppgang på 5,5 prosent.

Høgare rente rammar hovudstaden hardare enn dei andre byane, ifølgje bransjeforeininga. Årsaka er at bustadprisane og gjeldsnivået er høgare.

Dei trekkjer òg fram teikn til endra bustadetterspurnad under pandemien, og ein markant lågare folkevekst.

– Mange som ville kjøpt i Oslo, om dei hadde hatt moglegheita, kjøper no i kommunane rundt. Derfor ventar vi at bustadprisane vil stige mindre i Oslo enn i dei andre byane, seier Lauridsen.

Tru på Bergen

Når det gjeld Bergen, har befolkningsveksten teke seg opp etter fleire svake år, og bygginga av nye bustader er på veg ned. Derfor trur Eiendom Norge at prisane vil stige meir der enn i Oslo neste år.

I Stavanger er bustadmarknaden tilbake etter den svake utviklinga mellom 2013 og 2019, på grunn av låge renter og auka aktivitet i olje- og gass-sektoren. Mykje bustadbygging i denne perioden har gjort at tilbodet av brukte bustader har gått ned det siste året, skriv bransjeforeininga.

I Trondheim blir det venta ein svakare bustadprisoppgang neste år enn i 2021. Byen har hatt ein sterk bustadprisvekst i år, og no er det mindre bustadbygging enn det har vore dei siste åra, samtidig som folkeveksten har minka.

Fleire usikkerheitsmoment

I prognosen sin trekkjer Eiendom Norge òg fram uvisse rundt høge straumprisar, inflasjon, lågare befolkningsvekst og den vidare utviklinga til pandemien som faktorar som gir ei større nedside enn oppside for bustadprisane i året som kjem.

Noregs Banks rentebane indikerer at det vil bli tre renteaukar i 2022 i tillegg til dei to i 2021. Då vil renta ved utgangen av året liggje på 1,25 prosent.

Publisert: 20.12.2021 14:00

Sist oppdatert: 20.12.2021 13:59