Straum IKKE GJENBRUK demonstrasjon foto ntb scanpix 11
FLEIRE DEMONSTRASJONAR: Demonstrasjon i regi av «Vi som krever billigere strøm» utanfor Stortinget 20. januar. Tysdag 15. februar blir det demonstrert på 21 stader i Norge, frå Tromø i nord til Kristiansand i sør. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Nytt

Protestaksjonar mot auka straumpris

Demonstrasjonar frå Tromsø i nord til Kristiansand i sør - men ikkje på Nordvestlandet.

15.02.2022

(NPK-NTB). Frå Tromsø i nord til Kristiansand i sør skal det arrangerast straumprisdemonstrasjonar tysdag ettermiddag. Det blir mobilisert på til saman 21 stader.


Demonstrasjonane blir organiserte av ei rekkje fagforeiningar som saman har starta Industriaksjonen. Målet til demonstrantane er politisk kontroll over kraftbransjen.

Tidleg tysdag var det ikkje meldt om aksjonar på Nordvestlandet.

Heile lista med byar der det blir demonstrasjonar er Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand, Haugesund, Sauda, Stord, Egersund, Fredrikstad, Odda, Gjøvik, Raufoss, Verdal, Sortland, Rana, Elverum, Mosjøen, Etne, Tromsø og Porsgrunn.

Hovudkrava er stans i krafteksporten når det er lite vatn i magasina, at Noreg trer ut av EUs energibyrå Acer, og at det blir makspris på straum for hushald og føreseielege prisar for næringslivet. Ei rekkje LO-lokallag bidreg til å arrangere demonstrasjonane.

LO lokalt og sentralt
I desember kom regjeringa med straumstøtteordninga si, som for tida dekkjer 80 prosent av kostnadene over 70 øre per kilowattime. Den løysinga er ikkje god nok, ifølgje demonstrantane.

– Vi har det mest liberale marknadsbaserte kraftregimet i verda. At stat og kommune dekkjer delar av dei auka straumutgiftene held ikkje i lengda, det er å pisse i buksa for å halde varmen, seier leiar for LO i Oslo, Ingunn Gjerstad, i ei pressemelding.

LO sentralt er ikkje del av dei ulike demonstrasjonane, men set pris på det store engasjementet rundt straumprisane.

– Det viktigaste for oss i LO er at det skal vere rikeleg tilgang på rimeleg prisa elektrisitet til både folk og industri her i landet, seier LO-sekretær Are Tomasgard til NTB.

Han understrekar at rimeleg straum er nødvendig både for å behalde og utvikle eksisterande industri, og for å utvikle ny.

– Vi har vore pådrivar for å få ned dei høge straumutgiftene til folk, mellom anna gjennom straumpakkane frå regjeringa, og dette arbeidet har høgaste prioritet framover òg hos oss i LO. Det er dette som er sjølve grunnlaget for arbeidsplassar både no og i tida som kjem, seier Tomasgard.

Fakkeltog
I hovudstaden startar seansen med ei samling på Jernbanetorget klokka 17, før demonstrantane skal gå med faklar til Eidsvolls plass. På talarlista står mellom anna partileiarane Audun Lysbakken (SV) og Bjørnar Moxnes (R), leiar for Viken Sp, Brita Skallerud, og Industriaksjonens Hogne Hongset.

Leiar Remy Penev i Industriaksjonen, som også er styremedlem i LO i Nord-Rogaland, seier dei høge straumprisane rammar medlemmene og bedriftene i Rogaland hardt.

– På markeringane vil vi gi følgjande beskjed til Stortinget: Krafta er vår, og denne skal komme heile samfunnet til gode! seier Penev.

Han er med på å arrangere markeringar både i Sauda og i Haugesund. LO i Stavanger og omland stiller opp på Torget i Stavanger frå klokka 17.

Byar over heile landet
Det blir òg arrangert demonstrasjonar i Trondheim, Fredrikstad og Bergen.

– Vi må få slutt på uvissa for vanlege folk. Vi må ha meir politisk kontroll over straumprisen. Vanlege folk og bedrifter toler ikkje dette i lengda seier leiar av LO i Bergen og Omland, Fauzia Hussain-Wiik.

Ho får støtte av Astrid Kjelsnes, som er leiar for politisk utval i LO i Trondheim og omland.

– Det er heilt sinnssjukt at prisane på straum skal vere høgast når vi treng det mest. Vi krev ein politisk kontroll over straumprisen slik at det er mogleg å drive både landbruk og industri i dette landet. Og at varme ikkje er reservert for dei som har mest, seier Kjelsnes.

(©NPK)

Publisert: 15.02.2022 12:03

Sist oppdatert: 15.02.2022 12:20

Mer om