Proevar aa drepe lusa med varmevatn
FOLKESTAD: Mowi prøvar å fjerne lakselus ved bruk av optilicer ved oppdrettsanlegget i Voldsfjorden.
Nytt

Prøvar å drepe lusa med varmevatn

Mowi har frist til fredag med å løyse luseproblema ved oppdrettsanlegget ved Folkestad.

19.09.2019
Mattilsynet trugar med å ileggje selskapet ei tvangsmulkt på 333.771 dagen om Mowi ikkje får bukt med luseproblema ved lokalitet Rønstad.
Ifølgje har konsentrasjonen av lakselus i vekene 31 til 37 vore seks gongar større enn maksnivået, som er på 0,5 vaksne holus i gjennomsnitt per fisk i oppdrettsanlegg.

Optilicer

Regiondirektør Asgeir Hasund i Mowi opplyser til NETT NO at arbeidet pågår for fullt med å få løyst problema.
Siste dagane har det vorte brukt optilicer, der fisken vert forsøkt avlusa gjennom oppvarma sjøvatn.
Ved denne løysinga vert fisken dratt gjenno, oppvarma sjøvatn, noko spom har god effekt for å fjerne bevegelege lakselus.
Også Mowis sine lokalitetar Voldnes og Sandvika, som ligg i nærområdet, har hatt luseutfordringar.

Evaluering fredag

Til iLaks.no opplyser seniorrådgjevar Håvard Løken Nystøyl i Mattilsynet at fristen for Mowi eigentleg var sett til onsdag, men at fristen vart forlenga til fredag på grunn av dårleg vêr.
Mattillsynet vil evaluere avlusinga på fredag.

Publisert: 19.09.2019 18:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39