Paa aktivitetstoppen blant cruisehamnene
AUKA AKTIVITET: Fleire enn 320.000 cruiseturistane kom til Ålesund i år. På kaia er det dukka opp fleire tilbod om aktivitetar og Bytoget Ålesund kan melde om rekordomsetning og lengre sesong.
Nytt

På aktivitetstoppen blant cruisehamnene

Ålesund er den norske cruisehamna der flest nyttar lokale aktivitetstilbod. Bytoget har rekordomsetning og meiner det er rom for den auka konkurransen på kaia. 

Marius Rosbach
19.12.2019

Mange norske hamner slit i kampen om å gjere business på dei meir enn 850.000 cruiseturistane som kom til Norge i sommar. Eit tilbakevendande diskusjonstema er kor mykje pengar desse turistane legg att til lokalt næringsliv.

I følgje ei fersk undersøking frå Innovasjon Norge er hovudtrekka at cruiseturistane her til lands blir yngre, og at forbruket deira i snitt bidreg mindre til norsk økonomi enn tidlegare. Det blei laga ei tilsvarande undersøking i 2014, men som blei gjort offentleg tysdag, er den mest omfattande som er laga om cruiseturisme til Norge.

Undersøkinga viser at det gjennomsnittlege dagsforbruket for ein cruiseturist i land, er lågare enn tidlegare. Det er særleg utgiftene til aktivitetar som har gått ned. I snitt brukte dei intervjua 510 kroner per dag per person ved eit dagsbesøk. I 2014 var talet 860 kroner.

Flest kjøper lokale aktivitetar i Ålesund

Tala for næringslivet Ålesund er likevel oppløftande, samanlikna med situasjonen i dei 13 andre hamnene i undersøkinga.


Ingen andre hamner har like stor del av cruiseturistane, som nytter seg av aktivitetstilbod frå lokale tilbydarar. Heile 60 prosent av dei spurte, brukte slike tilbod i Ålesund (sjå illustrasjon). Berre Tromsø er oppe på same nivå og mange hamnar kjem langt dårlegare ut.

Til samanlikning var det berre drygt 20 prosent som kjøpte aktivitetar frå lokale tilbydarar i Geiranger.

– Plass til fleire

Heilt sidan 2003 har Bytoget i Ålesund vore eit fast innslag som har møtt cruiseturistane på kaia. Nils Ivar Honningdal og broren Jan, var dei første til å by dei besøkande eit slikt tilbod – og turane opp til Fjellstua er framleis populære.

– Omsetninga har auka i takt med fleire anløp. Vi aukar også i år, samanlikna med i fjor, fortel Nils Ivar Honningdal til NETT NO.

Fleire enn før kjempar no om merksemda til turistane som kjem på land, men Honningdal meiner det er rom for det.

– Vi merkar auka konkurranse og at det er fleire som vil ha sin «bit av kaka». No er det ulike turar både med buss og båt, men det er også langt fleire turistar å ta av. Difor er det plass til fleire aktørar som kan ha ei inntekt på grunnlag av denne turismen, seier han.

Kan drive store delar av året

Den største skilnaden for Bytoget er at sesongen for besøk av cruiseturistane har blitt lengre. NETT NO skreiv tidlegare i haust om sesongutvidinga. I 2020 kjem det cruiseskip til .

– Det mest positive er at det er fleire dagar med cruiseanløp og dagsomsetninga vår er om lag den same. Ein har jobba med å strekke sesongen, og det har ein fått til i Ålesund, seier Honningdal.

No kan dei helde drifta gåande gjennom store delar av året, og nokre gonger er det vesle toget åleine om å møte turistane.

– Vi starta tidleg i april med første anløp og siste dagen var i midten av november, fortel han.

Rekordomsetning i fjor

Drifta av Bytoget Ålesund er organisert innunder selskapet Jenny Hatlehol AS. Her kjem også noko anna verksemd inn, som utleige til kjøpesenter.

Rekneskapane viser likevel ei verksemd på veg opp. Omsetninga låg i fleire år under millionen, men har auka jamt og trutt etter 2010. I fjor enda dei opp med rekordhøge 5,6 millionar – og eit pent overskott på nær ti prosent av driftsmarginen.

No om vinteren er det berre dei to brørne som jobbar med bytoget. I høgsesongen er det kring åtte personar med sjåførar og seljarar som har arbeid med sightseeingtilbodet.



Ein har jobba med å strekke sesongen, og det har ein fått til i Ålesund

Publisert: 19.12.2019 05:55

Sist oppdatert: 31.03.2021 11:00