Roemming trugar ville laksesstammer
PROBLEM: Så langt i år har 300.000 laks rømt frå oppdrettsanlegg langs norskekysten.
Nytt

Rømming trugar ville laksesstammer

Havforskingsinstituttet har lagt fram årets Risikorapport norsk fiskeoppdrett. Genetisk endring på villfisk grunna rømt oppdrettslaks, og tilstanden til reinsefisken er viktige tema i år.

09.12.2019
NPK: Det rømmer titusenvis av laks frå norske oppdrettsanlegg kvart år. Ein del av dei overlever rømminga og vandrar opp i elvane og utgjer ein risiko for innkryssing og genetisk påverknad av villaksen. Over tid vil innkryssing av rømt oppdrettslaks kunne forandre eigenskapane til dei ville laksebestandane, redusere talet på villaks som vert produsert og svekkje den evna bestandane har til å tilpasse seg endringar i miljøet, skriv
Risikovurderinga viser at berre dei to søraustlege produksjonsområda (svenskegrensa til Jæren og i Ryfylke), og det nordaustlege produksjonsområdet (Aust-Finnmark) er vurdert til å ha låg risiko for ytterlegare genetisk endring som følgje av rømt oppdrettslaks. Resten av områda langs kysten har frå moderat til høg risiko for genetisk endring.
Så langt i år har allereie 300.000 laks rømt frå anlegg langs kysten og Havforskingsinstituttet reknar med at så lenge ein held fram med å produsere laks i opne merdar i sjøen, vil risikoen for hendingar vere til stades også i framtida.

Velferda til fisken

I norske oppdrettsmerdar er det til kvar tid 300–400 millionar oppdrettslaks og fleire titals millionar reinsefisk.
Om korleis fisken i merden har det, fortel risikovurderinga at velferda til oppdrettslaks er vurdert som god for produksjonsområde 6–11, medan den er vurdert som moderat for produksjonsområda 2–5 og 12–13.
– Utfordringane i nord er først og fremst knytt til låge temperaturar og bakterielle sårinfeksjonar, medan Vestlandet har store utfordringar med pankreassjukdom og stress og skadar i samband med hyppige avlusingsoperasjonar, skriv HI om laksen.

Tøft for reinsefisken

Oppdrettsmerdane er bygde og lokalitetane valde ut for å vere optimale for lakseoppdrett. Det er derimot ikkje så greitt for reinsefisken som blir brukt for å bli kvitt lakselus.
Risikoen for dårleg velferd hos rognkjeks er vurdert som høg, der høge temperaturar, sterk vass-straum og særleg sjukdom, er viktige risikofaktorar. På lokalitetar med mindre straum og lågare temperatur, og med tilstrekkeleg skjul og flater der rognkjeksen kan feste seg, kan velferda vere betre.
På same måte som for rognkjeks, blir velferda til leppefisk vurdert som dårleg. For leppefisk er sjukdom ein viktig risikofaktor, men i tillegg har dei ofte dårlege føresetnader for å handtere miljøforholda i merdane, og heller ikkje nokon av dei andre påverknadsfaktorane er vurderte som gode. Høg døying kan derfor kome av at dei har dårlege vilkår i merdmiljøet og derfor er meir mottakelege for sjukdom. I motsetning til for rognkjeks, er låg temperatur ein negativ miljøfaktor.

Publisert: 09.12.2019 15:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:47