NETT NO-barometeret
I løpet av få år har Norwind Offshore bygd seg opp til ein flåte på fem skip – og fleire er på veg.
Fjorårets rekneskap viser at det har vore ei fruktbar satsing. Reiarlaget plasserer seg heilt i toppen når det kjem til lønsemd i Nett No sin resultatoversikt for reiarlaga på Nordvestlandet.
- Sjå tabell med resultata til reiarlaga under saka
Overskotet gjorde eit solid hopp
Omsetninga til Norwind Offshore vart meir enn dobla frå kring 250 millionar i 2023, til nær 560 millionar kroner i fjor.
Resultatet før skatt auka endå meir. I 2023 enda det på nær 85 millionar, medan det i fjor gjorde eit hopp til over 223 millionar kroner.
– Vi hadde eit aktivt år med levering av tre skip i løpet av 2024. Det gjorde at også inntektene gjekk opp, fortel Norwind Offshore-sjef Svein Leon Aure til Nett No.
Skip nummer fem, Norwind Helm, blei levert mot slutten av fjoråret, medan Norwind Storm blei teke i bruk i fjor sommar.
Ratar på over 700.000 kroner dagen
Med fem skip i drift heile året, ligg det en til at omsetninga til Norwind aukar enda nokre hakk i 2025.
– Det gir sjølvsagt meir aktivitet og meir inntekter, seier Aure.
Sjølv om det har vore periodar i sommar med dårlegare betaling enn venta på forsyningsskip og ankerhandteringsskip, er Norwind-sjefen nøgd med situasjonen for deira segment.
– Både i fjor og i år har det vore god aktivitet, som gjer at båtane stort sett har vore har engasjert og sysselsett heile tida, seier han.
I sommar har det vore ratar heilt oppe i 700.000 kroner dagen. Men det høyrer til unntaka – og Aure fortel at dei ikkje har vore heilt oppe på det nivået.

Jobbar ikkje berre med vindkraft
Flåten til Ålesund-reiarlaget var i utgangspunktet meint for oppdrag i vindkraftindustrien. Dei opplever samtidig etterspurnad frå fleire hald.
– Det meste av oppdraga har vore i vind, men det har også vore ein del å gjere innan gassutvinning. Etter at Russland invaderte Ukraina har fleire – mellom anna Danmark – gjort mykje for å auke sin gassproduksjon, fortel Svein Leon Aure.
I dag er to Norwind-skip på tre-årskontraktar, medan eitt er på to-årskontrakt. Dei andre har teke ulike oppdrag i spotmarknaden.
- Sjå tabell med resultata til reiarlaga under saka
Spent på utviklinga med fleire nye skip
Med fleire nybygg på veg inn i marknaden er Norwind-sjefen spent på utviklinga framover. Nærare 60 nye skip er venta å bli klare for vindkraftmarknaden i åra fram til 2028, skriv reiarlaget i si årsmelding.
– Vi er spent på korleis marknaden vil absorbere dei nye skipa, men trur det går greitt. Men så er det spennande å sjå kva anna som skjer, seier Aure.
Etter at president Trump i USA kom til makta, er fleire vindkraftprosjekt blir stoppa, eller utsett. Det er også større usikkerheit kring framtidige utbyggingar.
– Så det er nokre mørka skyar i horisonten også. Vi er avhengig av at aktiviteten blir halde oppe, legg han til.

Ventar tre nye skip i flåten
Norwind-reiarlaget ventar også tre nye skip inn i si eiga flåte dei neste åra. To av desse skipa vil vere eigd av samarbeidspartnarane i Navigare Capital Partners, og bli drifta av Ålesund-reiarlaget.
Vard har sikra seg kontrakt på bygging av alle tre skipa.
– Det første er kome til Vard Søviknes, og skal leverast i januar. Det vil gå rett inn i ei tiårskontrakt frå levering. På det andre skipet har det vore brennestart for skroget. Også dette skal leverast frå Søviknes-verftet, fortel Aure.
Skip nummer tre vert skal byggast ved Vard sitt verft i Vietnam.
Norwind-sjefen fortel at det er «stor rift om dei flinkaste folka». Likevel har det gått greitt å bemanne skipa, og han fortel at dei har ei «solid stamme med veldig gode mannskap».
Kraftig auke i omsetninga
Resultatoversikta for reiarlaget frå Nordvestlandet viser at dei samla inntektene gjekk kraftig opp i fjor. Knappe 17,4 milliardar i omsetning vart fasiten – etter ei auke på nær fire milliardar kroner.
Det samla overskotet enda på nivå med 2023 med kring 2,8 milliardar kroner i resultat før skatt.
- Sjå tabell med resultata til reiarlaga under saka
Fleire reiarlag har ei lønnsemd på nivå med Norwind-reiarlaget som har ein resultatmargin på drygt 39 prosent.
Det gjeld Olympic og Rem Offshore-reiarlaga i Herøy og Sølvtrans-reiarlaget i Ålesund. Sistnemnte sitt overskott var samtidig eit delvis resultat frå sal av to brønnbåtar.
Bourbon Offshore Norway Holding er heilt på topp i lønnsemd med ein resultatmargin på over 50 prosent – men bak superlønnsemda ligg også ekstraordinære inntekter frå sal av skip.
- Nett No-barometeret: Les fleire bransjesaker
Retting: I den første versjonen av denne saka var Sanco Group-konsernet ikkje med i oversikta. Tabellen og teksten er justert i etterkant. Rettinga blei gjort fredag 29. august klokka 13.21
| Reiarlag på Nordvestlandet | ||||
| Driftsinntekt | Resultat før skatt | |||
| 2024 | 2023 | 2024 | 2023 | |
| Island Offshore Gruppen* | 2719,0 | 2427,0 | 768,0 | 1237,0 |
| Sølvtrans Rederi (konsern) | 2134,4 | 1479,7 | 838,7 | 411,3 |
| Rem Offshore Holding (konsern) | 1823,8 | 1384,8 | 699,2 | 346,7 |
| Rostein As | 1648,6 | 1472,4 | 238,1 | 210,5 |
| Havila Kystruten | 1528,9 | 764,2 | -788,1 | -874,4 |
| Auquaship (konsern) | 1418,3 | 426,8 | -222,9 | -31,1 |
| Olympic Subsea (konsern) | 1212,2 | 936,3 | 472,7 | 260,0 |
| Sanco Group (konsern) | 915 | 834,7 | 341,9 | 312,2 |
| Havila Subsea & Renewables Holding (konsern) | 766,0 | 697,6 | 161,3 | 347,8 |
| Havila Shipping (konsern) | 585,1 | 919,2 | 10,4 | 113,1 |
| Norwind Shipholding (konsern) | 569,3 | 256,4 | 223,9 | 84,6 |
| Golden Energy Offshore Services (Konsern) | 513,0 | 280,8 | -92,1 | -8,5 |
| FSV Group | 505,3 | 406,9 | 34,5 | 43,1 |
| Remøy Volt Group | 479,2 | 417,0 | -40,5 | 240,0 |
| Bourbon Offshore Norway Holding (konsern) | 344,4 | 269,2 | 191,9 | 92,1 |
| Remøy Group (K) | 228,8 | 191,5 | 0,9 | 12,4 |
| Intership (konsern)** | 387,8 | 4,1 | ||
| SUM | 17391,3 | 13552,3 | 2837,9 | 2800,9 |
| * Tal for Island Offshore Gruppen er opplyst av selskapet. Det er ikkje et offisielt tilgjengleg rekneskap for Island Offshore Gruppen | ||||
| **Frå og med i 2024 er Intership slått saman med Aquaship. Frå og med 2025 er FSV Group også ein del av konsernet, som er omdøypt til Trident Aqua Services | ||||
- Les resultatsaker for ulike reiarlag under
Les også
Publisert: 29.08.2025 05:00
Sist oppdatert: 18.12.2025 20:09






