Holen
RAKETTVEKST: Kraftig hopp i kundar for Conta-gründer Jan-Tore Holen. Foto: Conta
Nytt

Rakettvekst for Conta - satsar internasjonalt

Ålesund-selskapet med kraftig vekst etter fleire år med tunge investeringar. No er utlandet neste.

22.05.2023

- Vi har over litt tid køyrd eit hardt utviklingsløp i Conta der vi har investert tungt i framtidige produkt. Dette har vore heilt bevisst, og vi har derfor med opne auge tapt penger i nokre år.

Det seier gründer og dagleg leiar Jan-Tore Holen i Conta.

Han starta opp Conta i 2009, då som eit gratis fakturaprogram. I perioden 2015 til og med 2021 tapte selskapet over 32 millionar kroner. Men så snudde det. I fjor kom driftsinntektene opp i 70 millionar kroner, 20 millionar meir enn i 2021 og 40 millionar meir enn 2020.

Resultatet før skatt enda i fjor på 12,9 millionar kroner, som er 14,1 millionar kroner betre enn 2021.

Kraftig auke i år
Men det stoppar ikkje der.

- Sidan vi har hatt mange kundar over tid, så har vi visst at berre vi får ferdig fleire produkt og tenester, så vil inntektene kome. Det har dei gjort til gagns.

- Status hittil i år er over 50 prosent auka omsetning samanlikna med same periode i fjor, og vi forventar å meir enn doble resultatet. Vi forventer god vekst i både omsetning og resultat i åra framover.

Vi forventer god vekst i både omsetning og resultat i åra framover
Jan-Tore Holen

(saka held fram etter tabellen)

Conta
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 70 50
Driftsresultat 12,7 -1,3
Resultat før skatt 12,9 -1,2

61.000 abonnentar
Sjølv om det har kosta, har Conta hatt suksess med å gå frå å vere eit gratis fakturaprogram til å bli ein meir komplett leverandør av programvare.

- Vi har no programvare innan både faktura, rekneskap, ordre/tilbod, lønn, timeregistrering, bankintegrasjon, næringsoppgåve for ENK og årsoppgjerssystem for AS, seier Holen.

Selskapet er no oppe i over 61.000 betalande abonnentar.

Conta 2
SAMARBEID: Administrerande direktør i Sparebanken Møre, Trond Lars Nydal og dagleg leiar i Conta, Jan-Tore Holen, som samarbeider om ei pakkeløysing som skal gjere det enklare å starte bedrift. Foto: Conta

Nye oppkjøp og internasjonal lansering
I mai i år kjøpte Ålesund-selskapet seg inn i plattforma Mailmojo som har spesialisert seg i tenester for e-postmarknadsføring.

Mailmojo blei lansert som Norges første nyheitsbrevverktøy i 2006. Oslo-selskapet har også lansert ei løysing for å bygge enkle nettsider og bruke plattforma til å sende sms-ar til kundar.

I februar i år gjekk Conta også inn i samarbeid med Sparebanken Møre med ei pakkeløysing som skal gjere det enklare å starte bedrift.

Jan-Tore Holen seier at det vil kome nye oppkjøp eller nyetableringar i år.

- Meir kan eg ikkje seie om det enno.

- I tillegg skal vi lanserast internasjonalt i løpet av året.

(saka held fram under)

Verdi på 350 millionar
Jan-Tore Holen er største aksjonær i selskapet, med to tredjedeler av aksjane. Han har fått med seg fleire kjendisinvestorar, som storinvestor Erik Must og Kahoot-sjef Eilert Hanoa, det siste gjennom ein transaksjon som verdsette Conta Group til 350 millionar kroner.

Conta har kontor i Ålesund, Stavanger, Oslo og Brasil, i tillegg til eit team med programutviklarar som held til over heile verda.

Regnskap Norge lanserte nylig en pristest med ei samanlikning over dei mest brukte rekneskapsprogramma i Norge. Conta kom ut som prisvinnar i alle kategoriar for små og mellomstore bedrifter.

Conta har no rundt 40 tilsette i Ålesund, og konsernet sysselset rundt 90 totalt.

Podium

E11/S2 Anne Birte Bjørdal Hanken og Jan-Tore Holen om gründerlivet, oppstart og vekst.

Publisert: 22.05.2023 05:00

Sist oppdatert: 21.05.2023 21:38

Mer om