Osteklokke Easy Cheese med Håkon oppe tv og Halvard Engeset og Lise Marita Sande innfelt foto Easy Cheese as
POPULÆRT: Under varemerket EasyCheese, har ei osteklokke som er utvikla frå irritasjon ved frukostbordet hos familien Engeset, blitt ein salsuksess gjennom nettbutikk og sosiale medier. Innfelt, dagleg leiar Håkon Engeset (oppe til høgre), marknadssjef Halvard Engeset og logistikk og kommunikasjonsansvarleg Lies Marita Sande. Alle tre er medeigar i selskapet. Foto: Easy Cheese as.
Nytt

Rakettvekst for osteklokke

Easy Cheese i Ulsteinvik siktar mot å selje osteklokker for 20 millionar kroner i sitt første heile driftsår.

12.07.2021

Populariteten til Easy Cheese si osteklokke overraska sjølv grunnleggarane.

Ideen kom på grunn av irritasjon over osteinnpakking heime hos familien Engeset i Ulsteinvik og blei utvikla til ei osteklokke i hardplast der botnen kan skubbast opp i takt med at osten blir høvla ned.

Frå osteklokka blei lansert i august 2020 og ut året selde selskapet 40.000 osteklokker. Så langt i år er det allereie seld like mange og forventningane er å nå 100.000 innan året er omme.

- Vi ligg godt an så langt, seier marknadssjef og medeigar Halvdan Engeset.

100.000 selde osteklokker betyr omlag 20 millionar kroner i driftsinntekter, ein auke som kjem av ein kombinasjon av auka sal og høgare gjennomsnittspris (i fjor hadde selskapet ein introduksjonspris på orginalmodellen og i år har selskapet lansert ein dyrare variant i tillegg).

Nettsuksess
Det er marknadsføring gjennom sosiale medier, først og fremst Facebook og Instagram, som skaffa kundane.

- Jungeltelegrafen via Facebook har nok vore ei vesentleg årsak, seier Halvdan Engeset om kvifor osteklokka så raskt blei etterspurt.

Den andre årsaka ligg i selskapet sin eigen nettbutikk, ein butikk som opphavleg blei etablert for å vere eit utstillingsvindu for Easy Cheese-osteklokka.

Det var i vanlege fysiske butikkar salet først og fremst skulle skje, venta selskapet. Slik gjekk det ikkje og raskt viste det seg at nettbutikken var den klart viktigaste salskanalen.

Fire eigarar
Easy Cheese har fire eigarar, dagleg leiar Håkon Engeset (45 prosent), marknadssjef Halvdan Engeset (10 prosent) og logistikk- og kommunikasjonsansvarleg Lise Marita Sande (10 prosent).

Håkon og Halvdan er brør. Deira far, Hexagon Composites-sjef Jon Erik Engeset er 35 prosent eigar gjennom selskapet Dionysos.

Det har vore eit lite eventyr
Halvdan Engeset

Lønsamt selskap
Salssuksessen gjorde og Easy Cheese til eit svært lønsamt selskap frå start, med 2,4 millionar kroner i driftsresultat av 6,3 millionar kroner i driftsinntekter i 2020 (sjå tabell)

- Det har vore eit lite eventyr, seier Halvdan Engeset.

Hovudkontoret ligg i Ulsteinvik, osteklokkene blir produsert hos Erik Hoel as på Hurumlandet og blir pakka og distribuert frå Haskoll Arbeidssenter i Lier.

Halvdan Engeset meiner det framleis er eit stort potensiale for osteklokka i Noreg, og seier selskapet per i dag har meir enn nok med å handtere den norske marknaden.

Publisert: 12.07.2021 11:53

Sist oppdatert: 12.07.2021 13:16