Hydrogen skipsfart illustrasjon DNV
SKIPSFARTEN: Hydrogen kan bidra til å avkarbonisere sektorar som vanskeleg lar seg elektrifisere, slik som luft- og skipsfart. Foto: DNV
Nytt

Rapport: Verda treng tre gonger meir hydrogen

Trass stor vekst - må det planleggast for meir produksjon, ifølgje DNV.

NPK
14.06.2022
(NPK): Verda treng tre gonger meir hydrogen enn vi styrer mot, viser ein ny rapport frå DNV. Ein tydeleg hydrogenstrategi for Noreg, med konkrete, strakstiltak, kan bidra til at verda når Paris-måla.

I Hydrogen Forecast to 2050 anslår DNV at ein energibasert hydrogenmarknad vil gå frå å vere nærast ikkje-eksisterande til å sluke 7–8 prosent av dei samla energiinvesteringane i verda.

Fram mot 2050 vil det investerast 6.800 milliardar dollar i hydrogenproduksjon, 180 milliardar dollar i røyrleidningar og 530 milliardar dollar i ammoniakk, skriv DNV i ei pressemelding.

Dette er likevel langt frå nok. Sjølv med desse investeringane vil hydrogen berre utgjere 0,5 prosent av energimiksen i verda i 2030 og 5 prosent i 2050. For å oppfylle måla i Parisavtalen må derfor bruken av hydrogen bli tredobla, og hydrogen må utgjere 15 prosent av energibehovet ved midten av dette hundreåret.

– Hydrogen kan bidra til å avkarbonisere sektorar som vanskeleg lar seg elektrifisere, slik som luft- og skipsfart, og energikrevjande industriprosessar, seier Remi Eriksen, konsernsjef i DNV, i pressemeldinga.

Ifølgje Hydrogen Forecast to 2050 vil grønt hydrogen (framstilt ved å skilje hydrogen frå vatn gjennom elektrolyse) stå for 72 prosent av all hydrogenproduksjon. Dette vil krevje eit globalt overskot av fornybar energi på 3100 gigawatt til elektrolyse, over dobbelt så mykje som den samla sol- og vindkraftkapasiteten i verda.

Blått hydrogen (produsert frå naturgass med karbonfangst) vil spele ei viktig rolle på kortare sikt. På lengre sikt vil blått hydrogen vere viktig særleg i ammoniakkproduksjon.

(©NPK)

Publisert: 14.06.2022 14:41

Sist oppdatert: 14.06.2022 14:56

Mer om