Refinansiering fullført
Golden Energy Offshore i mål.
Offshorereiarlaget Golden Energy Offshore Services i Ålesund har fått alle formalitetane på plass i refinansieringa av selskapet.
Refinansieringa inneber mellom anna overtaking av offshorefartøya Energy Duchess og Energy Empress og ein låneavtale der långivarene for teikningsrettar som gjer at dei kan kome til å bli eigarar av inntil halve selskapet.
Refinansieringsavtalen vart rapportert om i juni, og i dag kom selskapet med ei børsmelding om at alle formalitetane er på plass.
Etter den vellukka refinansieringa er selskapet no i posisjon til å utnytte den positive utviklinga i olje- , gass- og fornybarmarknaden, skriv selskapet i børsmeldinga.
Berre det landbaserte oppdrettselskapet Atlantic Sapphire hadde største kursauke blant dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet i dag (sjå tabell).
Seks selskap hadde negativ kursutvikling, der Havila Kystruten hadde det største kursfallet.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Atlantic Sapphire | 21,9 | 9,06 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,73 | 4,85 % |
Havila Shipping | 14,74 | 2,36 % |
Norva 24* | 35,805 | 2,29 % |
Salmon Evolution | 8,9 | 1,37 % |
Hexagon Composites | 28,88 | 0,91 % |
Hav Group | 14 | 0,72 % |
Endúr | 23,39 | 0,52 % |
Hofseth Biocare | 3,68 | 0,27 % |
Nortel | 18,6 | 0,00 % |
Arctic Bioscience | 14,95 | -0,33 % |
Sparebanken Møre | 71,84 | -0,91 % |
Hexagon Purus | 26,28 | -1,28 % |
Havyard Group | 3,96 | -3,41 % |
Havila Kystruten | 18,7 | -5,56 % |
Statt Torsk | 2,47 | -0,4 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 27.07.2022 16:45
Sist oppdatert: 27.07.2022 17:00