Børsdagen: Kursfall etter finansieringsløysing
Golden Energy Offshore med finansieringsløysing som kan gjere långivaren til største aksjonær. Det utløyste kursfall.
Onsdag var det offshoreiarlaget DOF som la fram ei refinansieringsløysing som vil gjere dagens eigarar til småaksjonærar i selskapet.
Sjå kursutvikling for selskapa frå Nordvestlandet under
Det var langt tøffare vilkår enn aktørane i aksjemarknaden hadde sett for seg og kursen fall over 44 prosent onsdag og ytterlegare 10,59 prosent torsdag.
Kan bli eigar av halve selskapet
Torsdag var det Golden Energy Offshore Services i Ålesund som kom med ei melding som kan innebere eit kraftig utvatning av eksisterande eigarar. Selskapet har ein - førebels ikkje bindande - avtale med ein "financial provider" som i første omgang vil låne selskapet 45 millionar dollar.
Som ein del av avtalen kan långivaren få teikningsrettar som kan gjere långivaren til eigar av halve selskapet.
Reiarlaget børstapar torsdag
Heller ikkje den løysinga som aktørane i aksjemarknaden ut til å vere budd på. Kursen fall 21,70 prosent og Golden Energy Offshore Services var det selskapet på Oslo Børs som hadde det største aksjekursfallet i dag.
Skilnaden på Golden Energy Offshore Services si løysing og DOF-løysinga er at i DOF sitt tilfelle blir eksisterande aksjonærer utvatna, medan dei berre kan bli det i Golden Energy Offshore Services.
Løysing for kystruten
Havila Kystruten ser no ut til å ha kome ut av marerittet det har vore å ha liggande eit skip med fullt mannskap ved kai i Bergen sidan 12. april, fordi russisk finansiering av skipet har gjort at det er råka av sanksjonane.
Ein kjennelse i Hordaland Tingrett gav Havila Kystruten råderett over skipet, som etter planen no skal i trafikk frå 28. juni.
Den meldinga såg ut til å vere venta, for aksjekursen i selskapet endra seg ikkje i det heile i dag samanlikana med i går.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Nortel | 18 | 4,05 % |
Hofseth Biocare | 3,8 | 1,06 % |
Havila Kystruten | 18,75 | 0,00 % |
Arctic Bioscience | 13 | 0,00 % |
Endúr | 24 | -1,03 % |
Sparebanken Møre | 73,25 | -1,32 % |
Atlantic Sapphire | 22 | -1,96 % |
Havila Shipping | 17,42 | -2,13 % |
Statt Torsk | 2,24 | -2,18 % |
Salmon Evolution | 7,75 | -2,27 % |
Norva24 Group * | 34,68 | -2,32 % |
Havyard Group | 3,52 | -2,49 % |
Hav Group | 15,02 | -2,97 % |
Hexagon Composites | 27,18 | -4,90 % |
Hexagon Purus | 25,76 | -7,14 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,84 | -21,70 % |
*I svenske kroner |
Publisert: 23.06.2022 17:11
Sist oppdatert: 23.06.2022 23:43