NTB qj UJHW L0 Q4 1
AVGIFT: Skal du sjekke inn på hotell i framtida, kan det hende du må betale ei avgift som blant anna skal finansiere søppelrydding, vedlikehald av stiar og vask av do. Her Hotel Union i Geiranger. Foto: Peder Skjelten / NPK
Nytt

Regjeringa lanserer forslag til turistskatt

NHO er kritiske.

01.02.2024

(NPK-NTB-Snorre Schjønberg): Regjeringa varsla i Hurdalsplattforma at dei skulle setje i gang prosjekt for å prøve ut besøksbidrag – også kalla turistskatt. Næringsdepartementet kom onsdag med forslaget sitt.

Løysinga deira er påslag på overnatting i kombinasjon med anten parkeringsbetaling og cruisepassasjeravgift eller dagbesøksavgift.

– Om turistane bidreg litt ekstra til spleiselaget, kan populære reisemål leggje mykje betre til rette for både fastbuande, besøkjande og næringsliv, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap).

Det skal takast pengar frå turistane som skal finansiere til dømes søppelrydding, vedlikehald av stiar og vasking av toalett.

Les pressemelding frå nærings- og fiskeridepartementet her

Lokal tilpassing
Forslaget frå regjeringa skal greiast ut. Dei meiner løysinga gjer at kommunane og næringslivet kan tilpasse innretninga etter lokale behov.

Regjeringa viser til at overnattingsavgift er den vanlegaste forma for besøksbidrag i Europa.

– Besøksbidrag ved overnatting er praktisk gjennomførbart og belastar lokalbefolkninga i veldig lita grad, seier Vestre.

Næringsministeren seier han veit det er stort engasjement om dette og seier han skal ha ein god dialog med næringa.

I tillegg til overnattingsavgifta blir det altså opna for at det blir kombinert med parkeringsbetaling eller avgift for cruisepassasjerar. Regjeringa skal også sjå nærare på besøksavgift slik Venezia testar ut, der ein betaler ein inngangsbillett for å sjå byen.

– Besøksbidrag er noko heilt nytt i Noreg, og det vi gjer no, er nybrotsarbeid. Vi har vore open om at det vil krevje eit grundig lovarbeid før vi sender forslaget på høyring.

NHO kritisk
Reiselivsnæringa er kritisk til regjeringsforslaget om at ei ekstra hotellavgift kan få turistar til å bidra i lokalsamfunna.

NHO Reiseliv meiner forslaget regjeringa la fram onsdag går imot alle faglege råd som har komme i prosessen.

– Dette er berre endå ein skatt frå regjeringa på dei som skaper verdiar og arbeidsplassar, og bidreg ikkje til eit berekraftig reiseliv, seier direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv.

NHO Reiseliv meiner at heile premissen for besøksbidrag har vore å avgrense overturisme, særleg knytt til cruisebåtar og bubilar.

– Dette forslaget treffer ikkje denne gruppa, men rammar dei som skaper verdiane og arbeidsplassane i norsk reiselivsnæring, seier Krohn Devold.

Publisert: 01.02.2024 08:58

Sist oppdatert: 01.02.2024 09:42

Mer om