Regjeringa vil ha 1.500 nye havvindmøller i Noreg
Regjeringa lanserer ein ambisjon om at Noreg skal installere 30 gigawatt havvind innan 2040. Det svarer nesten til den samla norske vasskrafta.
1NPK-NTB: – Dette er ein merkedag i norsk industri- og energihistorie, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) då planen vart lagt fram på pressekonferanse onsdag.
Ambisjonen frå regjeringa er at det skal produserast nesten like mykje ny kraft frå havvind som det blir produsert totalt i Noreg i dag.
– I dag lanserer vi ei storstilt satsing på havvind. Ambisjonen vår er at vi innan 2040 tildeler område for 30.000 MW havvindproduksjon i Noreg, seier Støre.
– Med denne ambisjonen går vi frå dei to havvindmøllene som er i drift i dag til om lag 1500 havvindmøller. Bygginga skal skje dei neste 20-åra, seier Støre.
Kraftforsyninga i Noreg hadde ved inngangen til 2021 ein samla installert produksjonskapasitet på 37.732 MW, og vasskraft utgjorde vel 33.000 MW av dette.
Vurderer tovegs kraftflyt
– Dette er eit grønt industriløft i Noreg og kan gi rikelege mengder fornybar kraft i framtida. Målet med utbygginga er å gi folk og bedrifter store mengder rimeleg kraft. Skal vi få til det, er vi nøydde til å satse no. Og vi må satse i stor skala, seier han.
Regjeringa vil leggje til rette for ei storstilt havvindutbygging som opnar for bruk av ulike nettløysingar.
Det vil bli vurdert kablar med tovegs kraftflyt, radialer til Europa og radialer til Noreg for kvar utlysing. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Olje- og energidepartementet (OED) vil greie ut konsekvensar av alternativa.
Vurderer grunnrenteskatt
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) seier at ved val av nettløysing til havs som inneber tilknyting til det norske kraftsystemet, skal den tekniske utforminga til anlegget sikre nasjonale interesser, medrekna forsyningstryggleik og rimelege strømpriser til hushald, industri og næringsliv, som det heiter i pressemeldinga frå regjeringa.
– Målet er å gi folk og bedrifter store mengder rimeleg kraft, som kan skape arbeidsplassar over heile landet, seier finansminister Vedum.
– Vi er opptekne av å sikre nettløysingar som sikrar meir kraft til Noreg og som gir gode nettløysingar for havvindsatsinga. Dette satsinga er også svaret for å elektrifisere norsk sokkel.
Finansministeren varslar at regjeringa vil greie ut grunnrenteskatt på havvind.
–Målet er å sikre at ein større del av overskotet i næringa blir henta inn til fellesskapet, seier finansminister Vedum.
Publisert: 11.05.2022 09:15
Sist oppdatert: 11.05.2022 09:19