NTB Uj8qa Uks Z4o
SJØFOLK: Fiskeri - og havminister Bjørnar Skjæran. Foto: Torstein Bøe / NTB
Nytt

Regjeringa vil ha fleire norske sjøfolk

Alle skip i norske farvatn og på norsk sokkel skal ha norske lønns- og arbeidsvilkår.

NPK
28.01.2022

Dette er innhaldet i ei ny lov regjeringa vil presentere i vår. Håpet er at det vil gi fleire jobbar for norske sjøfolk.

– Det er viktig at norske sjøfolk ikkje blir utkonkurrerte på heimebane av sjøfolk som har heilt andre vilkår. Dette handlar om kampen mot sosial dumping, å ha skikkelege spelereglar og betre rekruttering til sjømannsyrket, seier fiskeri- og havbruksminister Bjørnar Skjæran (Ap) til NRK.

Fire av fem skip som trafikkerer norske hamner, har utanlandsk mannskap og utanlandsk flagg, ifølgje Sjømannsforbundet. Mannskapet på desse skipa har ofte lønn langt under den norske tariffen. Dermed blir norske reiarlag med norske sjøfolk utkonkurrerte.

Vedtak til hausten
Det er dette regjeringa vil bøte på med lovforslaget som Skjæran truleg vil sende over til Stortinget før påske. I så fall kan lova bli vedteken til hausten.

Noreg blir i så fall det første landet som innfører slike reglar, og Norges Rederiforbund er skeptiske. Dei er for norske lønns- og arbeidsvilkår for skip som berre seglar i norske farvatn, men skeptiske til å lovregulere dette for skip som også seglar internasjonalt.

Publisert: 28.01.2022 13:14

Sist oppdatert: 28.01.2022 13:19