Green yard kleven resirkulering januar 2022 foto marius 11
MANGLAR NYBYGG: Green Yard Kleven er mellom verfta på Nordvestlandet som står utan nybygg i ordreboka. Ein svekka verftsbransje bekymrar utvalet som har lagt fram ny forskingsstrategi for maritim næring. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Nøgd med at verfta blir verdsett

Ein politikk for verfta har vore mangelvare, meiner Maritimt Forum. Ny rapport for teknologisatsing gir håp.

Marius Rosbach
28.01.2022

Torsdag fekk regjeringa overlevert korleis eit breitt samansett utval ser føre seg at den maritim bransjen kan utnytte teknologi og forsking i grøn skipsfart.

Målet med den nye strategien som blei overlevert, er vekst i verdiskaping, auka sysselsetting i bransjen, og å oppnå ambisjonane for utsleppskutt som er sett for dei maritime næringane.

– Maritim Forum Nordvest meiner at dette er ambisiøse mål som krev ei klar linje og målretta tiltak, seier konstituert dagleg leiar i Maritimt Forum Nordvest, Henrik Dalelid Veddde, i ei pressemelding.

Rapporten peiker på tre områder der Norge bør satse på forsking og teknologiutvikling: Digitalisering, utvikling av låg- og nullutsleppsteknologi og å legge betre til rette for å nytte grøn teknologi.

«Rett resept»
Dalelid Vedde meiner utvalet har rett i at «grøn skipsfart som ein del av det grønne industriløftet, er rett resept» for korleis Norge framleis skal vere ein leiande havnasjon i framtida.

Utvalet kjem ikkje med konkrete forslag til tiltak – og no blir det opp til politikarane å omsette anbefalingane i handling.

– Vi har det faktisk kjempetravelt. Det er mange andre havnasjonar som investerer tungt, påpeika utvalsleiar Ingrid Schjølberg på pressekonferansen.

– Har mangla ein politikk for verfta
Maritimt Forum har merka seg at verfta blir peika på som eit viktig ledd i verdikjeda – og at utvalet atåvarar mot konsekvensane av ei ytterlegare svekking av deira konkurranseevne.

– Maritimt Forum har i lengre tid påpeka at regjeringa har mangla ein politikk for verfta. Verfta har vore gjennom oljeprisfall, pandemi og ei tøff omstillingsfase i konkurranse med utenlandske aktørar med heilt andre rammevilkår, krav og finansieringsordningar, kommenterer Dalelid Vedde.

Han meiner det er gledeleg at verfta blir peika på som sentrale samarbeidsarenaer - og spesielt viktige i verdikjeda.

– Det var på høg tid no at norske verft får den annerkjeninga og forhåpentlegvis dei rammevilkåra de fortener, legg han til.

– Ei stor og viktig næring
Rapporten om den nye forskingsstrategien for maritim bransje, vart overlevert til fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran torsdag.

Han fortalde at regjeringa sin plan, har som mål at skipsfarten skal ta i bruk løysingar for lågutslepp, eller nullutslepp, i stor skala.

– Det er viktig for å utløyse potensialet i ei stor og viktig næring for oss, sa Skjæran.

Utvalet som har jobba fram rapporten har hatt representantar frå maritimt næringsliv, akademia, og organisasjonane Norsk Industri, Fiskebåt, LO og UNIO.

Les heile rapporten (ekstern lenke)

Publisert: 28.01.2022 05:55

Sist oppdatert: 28.01.2022 01:49

Mer om