Nytt
Reiseliv på topp i Herøy
Utviklinga av reiselivet står øverst på prioriteringslista for Herøy Næringsforum.
25.02.2019
- Det vi jobbar mest med er å utvikle opplevingsnæringane i Herøy og regionen, seier dagleg leiar Geir Idar Kvalsvik i Herøy Næringsforum.
Ei eiga gruppe i Herøy Næringsforum er i gang med å kartlegge aktørar og tilbod, og behovet for nye tilbod.
Den vurderinga slo til også i Herøy, som har utvikla seg som turistmål etter hotellopninga. Då offshoremarknaden fall saman og kursverksemda i simulatorsenteret i hotellbygget gjekk kraftig ned, kom turistane inn som ei erstatning for kursdeltakarane som hotellet opphavleg hadde basert mykje av drifta på.
RDA-midlane var pengar som kommunen fekk som kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift.
Då Noreg vart tvinga til å gi opp systemet med ulik arbeidsgivaravgift i 2004, vart det innført eit system der Herøy og andre kommunar med lågare arbeidsgivaravgift enn i nabokommunane fekk utbetalt erstatning for å kompensere for ulempa.
På topp, i 2013 var utbetalinga til Herøy nesten 42 millionar kroner. Frå og med 2018 var det slutt.
Havyard-sjef Geir Johan Bakke er vald til ny styreleiar etter Njål Sævik.
Ei eiga gruppe i Herøy Næringsforum er i gang med å kartlegge aktørar og tilbod, og behovet for nye tilbod.
Hotelleffekt
- Det viser seg at viss eit hotell kjem på ein plass så blir det knoppskyting for resten av næringslivet, sa hotell- og eigedominvestor Olav Thon då Thon Hotel Fosnavåg blei opna i 2014.Den vurderinga slo til også i Herøy, som har utvikla seg som turistmål etter hotellopninga. Då offshoremarknaden fall saman og kursverksemda i simulatorsenteret i hotellbygget gjekk kraftig ned, kom turistane inn som ei erstatning for kursdeltakarane som hotellet opphavleg hadde basert mykje av drifta på.
Slutt på midlar
Herøy Næringsforum si viktigaste oppgåve var i fleire å tilrå korleis kommunen skulle bruke dei såkalla RDA-midlane, som mellom anna har vore med og finansiert badelandanlegget Sunnmørsbadet.RDA-midlane var pengar som kommunen fekk som kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift.
Då Noreg vart tvinga til å gi opp systemet med ulik arbeidsgivaravgift i 2004, vart det innført eit system der Herøy og andre kommunar med lågare arbeidsgivaravgift enn i nabokommunane fekk utbetalt erstatning for å kompensere for ulempa.
På topp, i 2013 var utbetalinga til Herøy nesten 42 millionar kroner. Frå og med 2018 var det slutt.
Nytt styre
Herøy Næringsforum har nyleg hatt styreval.Havyard-sjef Geir Johan Bakke er vald til ny styreleiar etter Njål Sævik.
Publisert: 25.02.2019 11:27
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31