Reketraalaren Remoey fri fraa arrest
FRI: Reketrålaren Remøy i Murmansk. Skipet er no på veg mot Tromsø.
Nytt

Reketrålaren Remøy fri frå arrest

På veg mot Tromsø, etter tre veker i arrest.

19.07.2017
- Vi er svært glade for at mannskap og båt no er på veg til Tromsø. Mannskapet som er om bord har vore under eit stort press, og vi er difor glade for at vi no kan ønske dei velkomen heim, etter åtte veker på sjøen, seier Olav Remøy, styreleiar i Remøy Havfiske i ei pressemelding frå bransje og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt.
Mannskap og båt er venta å kome til Tromsø på laurdag.

Kravde 90 millionar

Russiske styresmakter kravde 90 millionar kroner i kausjon for å sleppe båten fri, etter at den vart beordra til Murmansk av den russiske kystvakta onsdag 10. mai.
Skipet vart tatt i arrest på grunn av manglande utfylling av dokument i samband med rekefiske i russisk sone. Feil utfylling av eit lisensskjema frå Fiskeridirektoratet var årsaka til arresten, i følgje Fiskebåt.
Informasjonsleiar Odd Kristian Dahle i Fiskebåt seier til NETT NO at det ikkje er betalt kausjon for skipet, korkje frå reiarlaget eller norske styresmakter. Reiarlaget har heller ikkje måtte stille garanti.
I følgje pressemeldinga er saka framleis til behandling i det russiske rettsystemet.

Minimumsbemanning

Ni av mannskapet på 17 fekk reise heim fredag 26. mai, og båten har deretter hatt ei minimumsbemanning med åtte personar.
- Når båten no kjem til Tromsø, skal vi losse, bunkre drivstoff, skifte ut resten av mannskapet, og få den ut på fiske igjen så snart som mogleg, seier Remøy i pressemeldinga.

Publisert: 19.07.2017 17:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:10