Møbeltre og Stjernemadrassen har halde til under same tak i Sykkylven - med Håvar Tanstad som største aksjonær i begge selskapa. Men dei har vore drivne som to uavhengige firma med kvar sine tilsette.
No er dei samla i eitt selskap og dei tilsette har både fått opplæring i å lage delar til møbel og innreiingsbransjen - og å lage madrassser.
Det skal gir større fleksibilitet og dermed auke den samla effektiviteten, fortel Tandstad til Nett No.
Møbeltre sikra vekst og overskot
Samla set auka dei to selskapa inntektene i fjor, men det var Møbeltre som sikra både vekst og overskotet (sjå tabell under).
Under koronaåra var inntektene til Stjernemadrassen oppe i over ni millionar kroner både i 2021 og 2022, men i 2023 gjekk resultatet frå pluss til minus. I fjor fall inntektene til under nivået i 2019.
Også Møbeltre fekk eit kraftig inntektshopp då pandemien kom, frå 20,8 millionar kroner i 2019 til 29 millionar kroner i 2020.
Med unntak av 2023 har selskapet greidd å halde oppe inntektene på pluss/minus 30 millionar kroner i året sidan. Med unntak av i 2008 har Møbeltre også gått med overskot kvart år frå og med 2002.
– Køyrer på med overtid
2025 starta godt, fortalde Håvar Tandstad til Nett No i januar i år.
– Vi køyrer på med overtid, og vurderer om vi skal tilsette ein til, sa Tandstad.
Møbeltre/Stjernemadrassen har 20 tilsette.
| Møbeltre as | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 29,9 | 24,3 |
| Driftsresultat | 1,2 | 0,5 |
| Resultat før skatt | 1,1 | 0,4 |
| Stjernemadrassen as | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 5,9 | 8,4 |
| Driftsresultat | -0,4 | 0,1 |
| Resultat før skatt | -0,7 | -0,3 |
Publisert: 20.05.2025 12:28
Sist oppdatert: 20.05.2025 12:29






