– Hos oss er det full fart, skriv Ekornes-sjef Tine Hammernes Leopold i ei tekstmelding til Nett No.
Nett No har vore i kontakt med så godt som alle møbelprodusentane med produksjon på Nordvestlandet - og svara er nesten utan unntak dei same som meldinga frå Hammernes Leopold.
Fabrikkane har alle sine tilsette i fullt arbeid, og det er lenge sidan det var brukt redusert arbeidsveke, eller permitteringar for å kutte kostnadar i mangel på arbeid.
– Køyrer på med overtid
Det er ikkje snakk om ein ny boom, slik som under koronapandemien, men situasjonen har snudd.
– Så langt i år har det vore rimeleg bra, så vi har ein god vekst i høve til fjoråret, seier dagleg leiar Geir Ove Vegsund i Formfin i Hundeidvika i Sykkylven.
No har selskapet hatt alle sine tilsette i full arbeidsveke i nesten eitt år.
– Vi køyrer på med overtid, og vurderer om vi skal tilsette ein til, seier Håvar Tandstad i Møbeltre - som no og omfattar Stjernemadrassen.
Det er både etterspørselen på madrassar og deler til andre møbelprodusentar som dreg opp.
– Det ser framleis ut som om starten på 2025 er god, seier L.K. Hjelle-sjef Jens Peter Brunstad.
Tal viser god haust
Tal for møbelhandelen per november i fjor frå bransjeorganisasjonen Virke, tyder på ein god haust i møbelbutikkane. Virke organiserer handel- og tenestebedrifter, mellom andre møbelbutikkane.
I oktober steig varehandelsindeksen for butikkhandel med møblar 10,5 prosent samanlikna med oktober 2024. I november var veksten 8,4 prosent, ifølgje Virke.
– Prisane for møblar er på veg ned, så dette indikerer at volumet endeleg er på veg opp. Akkumulert vekst per november samanlikna med same periode i fjor er 0,4 prosent, skriv Ingrid Thinn Bjerke i ein e-post til Nett No.
Ho er bransjedirektør for mellom anna møbelhandel i Virke.
Trur på «etterlengta opptur»
Thinn Bjerke trur nedturen for møbelhandelen etter boomen under koronapandemien no er over, og ventar vekst.
– Etter fallande omsetning i bransjen kvart år frå toppåret 2020 trur vi at møbelbransjen no får ein etterlengta opptur. Vi har i våre prognoser ein omsetningsvekst i bransjen på to prosent i 2024 og 6 prosent i 2025, skriv Thinn Bjerke i eposten.
Tøft år for bransjen i 2023
Av 19 møbelprodusentar i Nett No si resultatoversikt for 2023, var det berre fire som gjekk med overskot. Det var verre enn året før.
Då resultatoversikta var klar i august i fjor sa Egil Sundet han aldri har opplevde verre nedtur for møbelindustrien enn etter at møbelboomen under koronapandemien ebba ut. Sundet har jobba 20 år i bransjen og er bransjesjef i Norsk Industri og har mellom anna ansvaret for møbelindustrien.
Då hadde det kome positive signal, men ikkje nok til at Sundet ville friskmelde bransjen heilt.
– Første kvartal var fortsatt dalande, men mange rapporterer no at ordreinngangen har vore god i sommar og inn i august, sa Sundet.
Publisert: 24.01.2025 05:00
Sist oppdatert: 24.01.2025 09:59