Klippfisk Portugal
PORTUGAL: Norge eksporterte 39 700 tonn klippfisk til ein verdi av 1,8 milliardar kroner i første halvår. Verdien fall 235 millionar kroner. Portugal, Brasil og Den dominikanske republikk er viktigaste marknaden, her frå ein supermarknad i Portugal. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Rekord-halvår for norsk sjømat

Eksportverdi på 53,7 milliardar kroner, stor oppgang til Sør-Korea.

05.07.2021

Eksportverdien av norsk sjømat har aldri vore høgare i eit første halvår enn i 2021. På seks månader har Noreg eksportert sjømat for 53,7 milliardar kroner.

Veksten er på 646 millionar kroner, eller 1 prosent.

– Trass i ei styrkt norsk krone og at marknadene framleis er prega av koronapandemien, er det første halvåret i år det beste nokosinne for sjømateksporten målt i verdi, seier administrerande direktør Renate Larsen i Noregs sjømatråd.

Trur på vidare auke
Under koronapandemien har heimekonsumet av sjømat auka, og når restaurantane i verda opnar igjen, kan det gi eit ytterlegare løft, trur Larsen.

– I dei marknadene som gjenopnar, ser vi ein kraftig vekst i restaurantbesøka på eit mykje høgare nivå enn før pandemien. Det gjer oss optimistiske med tanke på framtida, seier ho.

I juni åleine vart det eksportert sjømat for 9 milliardar kroner, ein auke på 496 millionar kroner frå same månad i fjor.

I dei marknadene som gjenopnar, ser vi ein kraftig vekst i restaurantbesøka på eit mykje høgare nivå enn før pandemien
Renate Larsen

Opp for kongekrabbe- ned for torsk
Salet har vore særleg godt til Sør-Korea, der verdiveksten i sjømateksporten var størst med ein totalauke på 358 millionar kroner til 1,9 milliardar første halvår. Av varegruppene er det kongekrabbe som kjem best ut, med ein verdiauke på 698 millionar kroner til 1,7 milliardar.

Nedgangen er størst i salet av torsk, som har ein redusert verdiauke på om lag 441 millionar kroner frå i fjor.

Publisert: 05.07.2021 07:49

Sist oppdatert: 05.07.2021 08:25