Straumpris
STRAUMPRIS: Enorme variasjonar i straumpris mellom nord og sør i landet. Prisen viser elspotprisen, medan pilane viser straumflyten. Skjermdump: Statnett
Nytt

Rekorddyr straum i sør - rimeleg i nordvest

Straumprisen i Sør-Norge når i dag nye rekordnivå. Klokka 08:50 er straumprisen på Austlandet og Sørlandet femten gongar høgare enn på Nordvestlandet.

22.11.2021

Måndag morgon kostar ein kilowatt-time med elektrisk kraft 15,92 øre på Nordvestlandet. Det viser Statnett sin prisoversikt.

I tillegg til denne prisen kjem nettleige og avgifter.

Sør for Sognefjorden er straumprisen langt høgare. Klokka 08:50 kostar det 227,09 øre kWh på sør- og austlandet. Det er femten gongar høgare enn kraftprisen på Nordvestlandet og i resten av Norge.

I store deler av Danmark og Sør-Sverige er kraftprisen endå høgare, og ligg no på 269,91 øre kWh. Den same prisen har Baltikum.

3 kroner i København
I København-området passerte derimot spotprisen i dag 3 kroner kilowatt-timen.

Trass i den høge straumprisen i Norge, viser straumflyten at det vert eksportert straum frå Sør-Norge til kontinentet. Dette kjem av at straumprisen er endå høgare lenger sør.

Fleire analytikarar spår at dei høge straumprisane i Sør-Norge vil halde fram i fleire månader. Dette har gjort at politikarane har tatt grep, og blant anna gitt ei ekstraordinær tildeling på 195 millionar kroner i bustøtte.

Publisert: 22.11.2021 08:47

Sist oppdatert: 22.11.2021 09:05

Mer om