Helge Ibrahim foto Ogne
GODT 2024: Når fritidshuseigare på Stranda skal leige ut er det i stor grad Helge Ibrahim dei går til. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Rekordinntekt etter investeringar

Helge Ibrahim moderniserte og utvida campingplassen på Stranda. Det gav vekst, og i år blir det enda betre.

04.08.2025

Inntektene til Helge Ibrahims selskap Stranda Booking steig over 40 prosent i fjor. Etter at store investeringar vart tatt over drifta og gjorde at 2023 vart eit underskotsår, kom han tilbake i pluss i 2024.

– Enda betre, seier han om inntekter og resultat i 2025.

1000 senger
Ibrahim er ein sentral person i reiselivsbransjen og fritidsbransjen på Stranda og driv med meir enn campingplassen. I 2004 starta han utleige av hytter og fritidsbustadar, eit verksemd som berre har balla på seg.

Mange av fritidsbustadane på Stranda er utleigde i deler av året når eigarane sjølve ikkje brukar dei. Då er det i stor grad Ibrahims selskap Stranda Booking dei brukar.

Fritidsbustadar med rundt 1000 senger har han i porteføljen, dei fleste på Strandafjellet, men og på Fjellsetra i Sykkylven, i Stranda sentrum og i Hornindal.

Oppgraderte campingplassen
I 2022 var første del av ei oppgradering av campingplassen på Stranda ferdig.

Då var ny infrastruktur i bakken lagt og dei første av fleire moderne hytter bygd.

I dag er der også eit telt med eit golvareal på 600 kvadratmeter på plass som blir brukt til ulike arrangement.

Både utleigeverksemda og campingplassdrifta skjer gjennom selskapet Stranda Booking, men blir marknadsført høvesvis under merkenamna Visit Stranda og Koie.

Stranda Booking as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt11,58,1
Driftsresultat1,8-0,6
Resultat før skatt0,6-1,5

Publisert: 04.08.2025 05:00

Sist oppdatert: 03.08.2025 16:49

Mer om