Då Jan-Frode Janson som fersk konsernsjef i Sparebank1 SMN sommaren 2019 kom til banken Næringsdrivkonferanse i Ålesund lova han eit betydeleg auke i gåve- og støttemidlar frå Sparebank1 SMN.
I fjor betalte banken ut 80 millionar kroner i såkalla samfunnsutbytte.
I år blir det 200 millionar kroner, melder banken i ei børsmelding i samband med at den mellombelse reknskapen for 2019 er klar.
200 av samfunnsutbytte skal delast ut til alt frå idrettslag og kultur til utdanning og utvikling, og banken inviterer til innspel om korleis pengane bør fordelast.
Tap knytt til oljeverksemda er høgare enn året før, men samla tap er framleis lave og banken reknar med at det blir tilfelle også i år.
I fjor betalte banken ut 80 millionar kroner i såkalla samfunnsutbytte.
I år blir det 200 millionar kroner, melder banken i ei børsmelding i samband med at den mellombelse reknskapen for 2019 er klar.
Rekordresultat
Banken er dels eigd av eigenkapitalbeviseigarar, delvis sjølveigd slik alle sparebankar opphavleg var. Eigenkapitalbeviseigarane får tilsaman 840 millionar kroner i utbytte etter rekordresultatet i fjor. 474 millionar blir sett av til såkalla samfunnsutbytte, altså tilfell banken som sjølveigande institusjon.200 av samfunnsutbytte skal delast ut til alt frå idrettslag og kultur til utdanning og utvikling, og banken inviterer til innspel om korleis pengane bør fordelast.
Svakt 4. kvartal
Banken er godt nøgd med resultatet for 2019 (sjå tabell), men misnøgd med lønsemda i 4. kvartal.Tap knytt til oljeverksemda er høgare enn året før, men samla tap er framleis lave og banken reknar med at det blir tilfelle også i år.
Publisert: 05.02.2020 15:38
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52






