Rekordsalg for Auto 8-8-butikkane
Begge Ålesund-butikkane i Auto 8-8 konsernet sette salsrekord i fjor.
- Det var eit fole spennande år, seier konsernsjef Terje Sildnes i Auto 8-8-konsernet, som mellom anna eig Ford og Nissan-forhandlaren Auto 8-8 Vestlandske og Hyundai- og Mazdaforhandlaren Auto 8-8 Rico i Ålesund.
Begge to sette salsrekordar etter kraftig vekst i 2020 (sjå tabell).
Generell etterspørselsauke
Det var ikkje nye modellar, men ein generell etterspørselsauke som slo ut i auka sal i fjor, ifølgje dagleg leiar Jorunn Lundanes i Auto 8-8 Rico Bil.
Les også
Etter det første koronasjokket hadde lagt seg tok først brukbilsalet seg opp, deretter nybilsalet. Ferie i eige land og meir køyring trur Lundanes kan ha vore ei medverkande årsak til oppgangen i fjor.
Ho hadde ingen nye modellar i fjor, man har fått inn to ladbare hybridmodellar og ein ny heilelektrisk modell frå Hyundai i år.
Ford hadde nye ladbare hybridmodeller i fjor. Saman med ei stor og langvarig satsing på mindre nyttekøyretøy var det med og auka salet for Auto 8-8 Vestlandske fjor, i følgje konsernsjef Sildnes.
Les også
Konsernet har hovudkontor på Eide og omfatter i alt åtte forhandlarar, frå Kristiansund i nord til Førde og Florø i sør.
I 2020 hadde konsernet 930 millionar kroner i driftsinntekter og i år reknar Sildnes med å passere milliarden.
Auto 8-8 Rico as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 114,9 | 85,6 |
Driftsresultat | 5,4 | 2,7 |
Resultat før skatt | 4,0 | 1,9 |
Auto 8-8 Vestlandske as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 343,0 | 283,2 |
Driftsresultat | 19,6 | 12,2 |
Resultat før skatt | 18,9 | 10,9 |
Publisert: 11.06.2021 15:56
Sist oppdatert: 05.07.2021 08:35