Moen er ein av tre eigarar av Engeset Trehytte, eit selskap som har bygd to hytter mellom tretoppane i lia nordaust for Sandane sentrum. Dei to andre aksjonærane, som hadde ideen og fekk med seg Moen, er Jan Roger Engeset og Olav Aabrekk.
Den eine hytta har plass til sju personar, den andre til to. Frå pinse har hyttene vore utleigd kvar dag, og slik blir det fram til midten av august.
- Det er heilt Texas, seier Moen om pågangen etter å leige hyttene.
- Vi har løyve til å bygge tre hytter til, og slik det er no er det ingen grunn til å ikkje gjere det, seier Moen.
Sengene er gode og det er varme i golvet, men standarden er likevel enkel.
- Det er to hytter og ein utedo, seier Moen.
Trehyttene er utleigd gjennom AirBnB og gjestane får vite kvar nøkkelen er når dei har betalt. Reingjeringa tek tilsette på Gloppen Hotel seg av, men ut over det er det ikkje noko bemanning knytt til hytteutleiga.
Inntektene i juli er ein million kroner opp, samanlikna med juli i fjor. Det tilsvarar ein auke på 25 prosent samanlikna med juli i 2019, og er den beste juli-månaden Moen har hatt på hotellet.
Hittil i år ligg inntektene omlag seks millionar kroner under nivået frå same tid i fjor. I løpet av sommaren reknar Moen med å ha redusert gapet til fem millionar.
Han har likevel håp om at 2020 endar med eit lite overskot, mellom anna fordi drifta på hotellet er lagt om og effektivisert. Trass i rekordbesøket no i sommar er der færre tilsette i år enn førre sommar.
Men ein budsjettpost kuttar Moen ikkje på. Forbruket av såpe og desinfeksjonsmiddel har allereie passert forbruket for heile 2019.
Fire år seinare kjøpte han ut broren Dag Håkon, og blei eineeigar av både hotellselskapet og eigedomsselskapet.
I 2018 selde han Gloppen Hotell til Erik Berg og Stein Erik Hagen og hotellet blei ein del av Classic Norway-kjeda.
Den eine hytta har plass til sju personar, den andre til to. Frå pinse har hyttene vore utleigd kvar dag, og slik blir det fram til midten av august.
- Det er heilt Texas, seier Moen om pågangen etter å leige hyttene.
Planlegg fleire hytter
Tretopp-hyttene har kasta godt av seg. For kvar krone som kom inn i inntekter i fjor blei 50 øre liggande att som overskot, viser reknskapen for 2019 (Sjå tabell. På mobil finn du tabellen nederst på sida)- Vi har løyve til å bygge tre hytter til, og slik det er no er det ingen grunn til å ikkje gjere det, seier Moen.
Sengene er gode og det er varme i golvet, men standarden er likevel enkel.
- Det er to hytter og ein utedo, seier Moen.
Trehyttene er utleigd gjennom AirBnB og gjestane får vite kvar nøkkelen er når dei har betalt. Reingjeringa tek tilsette på Gloppen Hotel seg av, men ut over det er det ikkje noko bemanning knytt til hytteutleiga.
Fullt på hotellet
Moen er investor i tretopp-hyttene gjennom sitt eige investeringsselskap, Solheimslid Invest Holding. Jobben hans er å vere sjef på Gloppen Hotel. Også der har det vore fullt belegg sidan pinse, og alt er bestilt til midten av august.Inntektene i juli er ein million kroner opp, samanlikna med juli i fjor. Det tilsvarar ein auke på 25 prosent samanlikna med juli i 2019, og er den beste juli-månaden Moen har hatt på hotellet.
Usikker på hausten
Sommaren blir rekordbra, men når korleis det blir når hausten kjem er Moen usikker på. Store arrangement på hotellet, som den årleg konferansen "Kraft i vest" er avlyst, og trass i rekordsommar klarer hotellet ikkje å hente inn det som gjekk tapt då koronaepidemien kom og besøket på hotellet stupte.Hittil i år ligg inntektene omlag seks millionar kroner under nivået frå same tid i fjor. I løpet av sommaren reknar Moen med å ha redusert gapet til fem millionar.
Han har likevel håp om at 2020 endar med eit lite overskot, mellom anna fordi drifta på hotellet er lagt om og effektivisert. Trass i rekordbesøket no i sommar er der færre tilsette i år enn førre sommar.
Men ein budsjettpost kuttar Moen ikkje på. Forbruket av såpe og desinfeksjonsmiddel har allereie passert forbruket for heile 2019.
Tok over som 23-åring
Preben Moen overtok som hotelldirektør i 2013 då faren brått døydde. Preben Moen var då berre 23 år.Fire år seinare kjøpte han ut broren Dag Håkon, og blei eineeigar av både hotellselskapet og eigedomsselskapet.
I 2018 selde han Gloppen Hotell til Erik Berg og Stein Erik Hagen og hotellet blei ein del av Classic Norway-kjeda.
Vi har løyve til å bygge tre hytter til, og slik det er no er det ingen grunn til å ikkje gjere det
Publisert: 17.07.2020 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59