Rekordstor ordreinngang for Jets
VIKTIG ETTERMARKNAD: Reparasjonar, vedlikehald og ombygging av eldre anlegg sto for over 200 millionar kroner av driftsinntektene for administrerande direktør Øyvind Tørlen og kollegaene i vakumtoalettleverandøren Jets i fjor. Auka sal av nye anlegg slår etterkvart ut i større ettermarknad.
Nytt

Rekordstor ordreinngang for Jets

Ordreinngang på ein halv milliard kroner i 2018.

02.08.2019
I 2017 hadde Jets ein ordreinngang på 427 millionar kroner. Auken til 500 millionar i fjor betyr fleire jobbar.
- Vi er nøydd til å gradvis oppbemanne for å møte den auka etterspørselen, seier Jets-sjef Øyvind Tørlen.
Konsernet sysselsette 164 årsverk i fjor.

Cruisevekst

Jets-konsernet, med Jets Vacuum som det viktigaste datterselskapet, lagar vakumtoalettanlegg for skip, landtransport og bygg. Cruisemarknaden har kome som ei kjærkomen erstatning etter at det blei slutt på nybygging av offshorefarty.
Av ordreinngangen på ein halv milliard kroner i fjor kom omlag 100 millionar frå cruiseskip og 77 millionar frå andre skip. Resten er kontraktar på nye anlegg til bygg og landtransport, og ettermarknadskontrakter - reparasjonar, ombyggingar og vedlikehald av eksisterande anlegg.
Ettermarknaden har vakse i takt med driftsinntektene. Eldre anlegg skal vedlikhaldast, reparerast eller skiftast ut, og Jet konkurrerer og om leveransar når konkurrentane sine anlegg er klare for utskifting. Av 426 millionar kroner i driftsinntekter i fjor utgjorde leveransar av nye anlegg til skip/offshoreanlegg og bygg/landtranspsort cirka 100 millionar kroner kvar. Resten, cirka 226 millionar kom frå ettermarknaden.

Betre i år

Tørlen vil ikkje talfeste eit anslag for driftsinntektene i 2019 ut over å seie at han ventar vekst både driftsinntekter og lønsemd. Så langt er selskapet omlag på budsjett.
- Vi er absolutt i rute, seier han.
På tampen av 2017 kjøpte Stokke Industri seg inn i Jets og blei største eigar med 38,63 prosent av aksjane.

Seljarane var Marin Eiendom AS og Ranveig Antonia Gjerde, Trude Gjerde og Mathias H. Gjerde. Marin Eiendom har Marin Teknikk-sjef Svein Rune Gjerde som største eigear.
Stokke Industri er eigd av Rune Stokke og Maria Loen med familie.
Etter 2017 betalte Jets ut 25 millionar kroner i utbytte, etter 2018 22 millionar.
Vi er nøydd til å gradvis oppbemanne for å møte den auka etterspørselen

Publisert: 02.08.2019 12:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38