Ulmatec Pyro Bernt Aage Ulstein foto marius
NOK Å GJERE: Ulmatec Pyro-sjef Bent-Aage Ulstein og kollegaane har oppdrag 12-15 månadar fram i tid. Det er ein tidshorisont som er omlag fire gangar lenger enn vanleg. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Rekordtjukk ordrebok for Ulmatec Pyro

Inngår stor kontrakt med Olympic.

02.06.2025

Det vanlege for Ulmatec Pyro er å ha oppdrag tre-fire månadar fram i tid. No er tidshorisonten 12-15 månadar og ordreboka er rekordtjukk, seier dagleg leiar Bent-Aage Ulstein.

2024-rekneskapen er ikkje offentleg enno, men Ulstein seier resultatet i fjor vart "veldig bra" og driftsinntektene blei i underkant av 115 millionar kroner. I 2023 var driftsinntektene 89 millionar kroner.

Det siste tilskotet til ordreboka er ein avtale om å levere system for fangst og gjenvinning av energi frå drifta av Olympic sine to nye konstruksjonskip, som er under bygging i Kina for levering sommaren 2027. Det fortel Ulmatec Pyro i ei pressemelding.

– Vi har lagt føringar for kven som skal vere leverandør på ulike område. Det gjer at oppdrag for minst 700 millionar kroner vil hamne hos leverandørar på Nordvestlandet, sa Olympic-sjef Stig Remøy til Nett No då byggekontrakten var offentleggjort i februar i år.

Ulstein vil ikkje opplyse kontraktsummen, men seier den ligg i nærleiken av ei kvart årsinntekt for selskapet.

Produserer elektrisitet
Det er energien i eksosgassane og kjølevatnet om blir fanga med Ulmatec Pyro sitt system. Varmen blir brukt direkte, lagra og/eller brukt til å lage elektrisitet. 

Det reduserer drivstoff-forbruket.

I og med varmen som er tilgjengleg ikkje her høg nok til å varme vatn opp til over kokepunktet, og dermed drive ein turbin som produserer straum, er vatn erstatta av ei teknisk veske med eit lågare kokepunkt. Då får skipet likevel ein dampturbin som produserer straum.

Havila Kystruten har eit tilsvarande system på sine skip. Der har Ulmatec Pyro levert systemet som fangar overskotsenergien, og eit anna selskap lever anlegget som produserer straum. Kontrakten med Olympic er den første der Ulmatec Pyro også leverer straumproduksjonsanlegget.

Viktigare med mindre CO2-utslepp
Dersom skip skulle gå over frå dieseldrift til å gå på metanol - for å redusere CO2-utslepppa - kjem betre energiutnytting til å bli enda viktigare, seier Ulstein.

Grunnen er at alternative energikjelder er dyrare, i alle fall per i dag. Då er den økonomiske gevinsten ved å reduserer energiforbruket enda større.

Ulmatec Pyro er ein del av Ulstein Marine Technology-konsernet og utgjer forretningsområdet Ulstein Thermal Solutions i konsernet.

Publisert: 02.06.2025 09:42

Sist oppdatert: 02.06.2025 09:42

Mer om