Rekordutbetaling til naeringsfond
PENGAR TIL FOND: 23. juni skal Fylkesutvalet (biletet) i Møre og Romsdal vedta korleis 42,1 millionar kroner til kommunale næringsfond skal fordelast. Biletet er frå eit møte i utvalet i november 2019.
Nytt

Rekordutbetaling til næringsfond

Kommunale næringsfond i Møre og Romsdal får 42,1 millionar kroner. Sjå korleis midlane blir fordelt. 

19.06.2020
Om Stortinget følgjer innstillingane fredag blir det vedtatt ein krisepakke som også kjem kommunale næringsfond til gode. For kommunane i Møre og Romsdal sitt vedkomande er det snakk om 42,1 millionar kroner, som blir fordelt av fylket.
Fylkesutvalet skal vedta fordelinga i eit møte 23.juni, ifølgje ei pressemelding.
- Dei kommunale næringsfonda er svært viktige for kommunane i Møre og Romsdal, og det er innspel som me som politikarar har fått over fleire år, og spesielt i etterkant av dei stadige kutta i statlege overføringar til regionale utviklingsmidlar. I år hadde Møre og Romsdal ingen midlar å fordele til kommunale næringsfond, så dette er ei solid handsutrekning til det lokale næringslivet, seier leiar i kultur-, næring- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal, Marit Nerås Krogsæter (Sp).
Ho seier til NETT NO at fylket tidlegare, på det meste, fordelte 25 millionar kroner til kommunale næringsfond.
Her er tilrådinga for korleis pengane skal fordelast mellom kommunane:

Løyvinga vert fordelt slik:


Kristiansund 2 325 823Molde 2 435 301Ålesund 3 997 953Vanylven 1 288 863Sande 1 262 795Herøy 2 018 667Ulstein 2 005 594Hareid 1 870 644Ørsta 1 595 163Stranda 1 544 735Sykkylven 1 968 001Sula 1 734 960Giske 1 701 262Vestnes 1 624 568Rauma 1 461 763Aukra 1 304 440Averøy 1 395 003Gjemnes 914 471Tingvoll 930 207Sunndal 1 089 596Surnadal 1 045 248Smøla 895 436Aure 949 361Volda 1 781 175Fjord 1 266 292Hustadvika 1 692 680

Publisert: 19.06.2020 09:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58