Anders Opedal IKKE GJENBRUK FOTO NPK
REKORDÅR: Konsernsjef i Equinor Anders Opedal er godt fornøgd med fjoråret. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Nytt

Rekordår for Equinor

Deler ut 17 milliardar til eigarane og aukar investeringane.

08.02.2023

(NPK-NTB): 2022 blei eit rekordår for Equinor, som fekk eit årsresultat på nær 75 milliardar dollar – det største årsresultatet levert av eit norsk selskap nokosinne.

– I 2022 responderte vi på energikrisa og bidrog til energitryggleik. Vi leverte solid drift med rekordhøge resultat og kontantstraum, seier Equinor-sjef Anders Opedal i ei pressemelding.

Årsresultatet for 2022 enda på svimlande 74,94 milliardar dollar, noko høgare enn anslaget til analytikarane, skriv E24.

Summen svarer til rundt 766 milliardar kroner og er det største årsresultatet levert av eit norsk selskap nokosinne.

Til samanlikning var same resultat året før 33,49 milliardar dollar.

Godt kvartalsresultat
Selskapet leverte eit justert driftsresultat på 15,1 milliardar dollar i fjerde kvartal, langt høgare enn det analytikarane anslo.

Det er likevel ein markant nedgang frå tredje kvartal, der det justerte driftsresultatet blei rekordhøge 24,3 milliardar dollar.

– Equinor er unikt posisjonert for å levere energi og bidra til avkarbonisering og samtidig oppnå ei høg avkasting. Sterk inntening og kontantstraum mogleggjer framleis konkurransedyktig kapitaldistribusjon og investeringar i robuste prosjekt med høg verdiskaping innan olje- og gass, fornybar energi og lågkarbonløysingar, seier Opedal.

Deler ut 17 milliardar til eigarane
På grunn av dei sterke resultata deler Equinor ut 17 milliardar dollar til aksjonærane, forklarer Opedal.

Utbetalinga til aksjonærane svarer til rundt 170 milliardar kroner. Dette består av både tilbakekjøp av aksjar og utbytte.

– Formålet med tilbakekjøpprogrammet er å redusere den utskrivne aksjekapitalen i selskapet. Alle aksjar som blir tilbakekjøpt som ein del av programmet, vil bli sletta, skriv Equinor.

Den norske staten eig 67 prosent av Equinor.

Auka investeringar
Equinor kjem også med nokon oppdaterte framtidsutsikter.

Der varslar dei ei forventning om investeringar på 10–11 milliardar dollar i 2023, og dessutan rundt 13 milliardar dollar i snitt per år frå 2024 til 2026.

Det er ei oppjustering frå anslaget i fjor, der det var venta å investere 10 milliardar dollar i år og 12 milliardar dei to neste åra, skriv E24.

– I 2023 forventar Equinor ein produksjonsvekst på om lag 3 prosent i olje og gass samanlikna med 2022, skriv dei vidare.

Publisert: 08.02.2023 10:15

Sist oppdatert: 08.02.2023 10:32

Mer om