Frode Andre Nakken Møbler Miljø foto Ogne
OPPTUR: Dagleg leiar Frode André Nakken i Møbler & Miljø spår eit normalår i 2022, etter rekordår i fjor. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Rekordår for Møbler & Miljø

- I fjor var det all time high, seier Møbler & Miljø-sjef Frode André Nakken.

25.05.2022

Frå 18,1 millionar kroner i driftsinntekter i 2019 auka den frittståande møbelbutikken Møbler & Miljø til 25,2 millionar kroner i driftsinntekter i fjor.

Det er ny rekord og ein konsekvens av koronatida der folk har måtte vere mykje heime. Detutløyste oppussingslyst.

- Mange nytta høvet til å realisere det dei hadde snakka om i lang tid, seier Nakken.

Brems etter krigen
I år reknar Nakken med eit normalår, der koronaeffekten er vekke og krigen i Ukraina har påverka handelen.

- Det var ein kjempegod start på året, seier Nakken.

Januar og februar i år er den nest beste januar/februarperioden Møbler & Miljø har hatt.

- Men så kom krigen. Då merka vi at det blei mykje stillare i butikken, seier Nakken.

Vekst med korona
Møbelhandlarane på Nordvestlandet fekk ein auke i driftsinntektene på 13 prosent frå 2019 til 2020 takka vere eit oppsving i handelen etter at koronapandemien kom.

Då trudde bransjen på eit godt år også i 2021.

Tala frå Møbler & Miljø, som er første ute med 2021-rekneskapen tyder på at forventingane blei innfridd.

Møbler & Miljø as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt25,222,1
Driftsresultat2,31,4
Driftsinntekt2,31,4

Publisert: 25.05.2022 05:00

Sist oppdatert: 24.05.2022 18:38

Mer om