Rekordår før koronabrems for Jets
Grunna stor usikkerheit kring bygging av nye skip, ser toalettprodusenten etter nye marknader.
Jets held fram med å levere svært gode resultat. 2019 blei eit rekordår både når det kjem til omsetning og lønnsemd. Men framover ser leiinga mørke skyer i horisonten som følgje av koronapandemien.
Ventar cruisestopp
Hovudverksemda til selskapet er produksjon og sal av toalett med Hareid-selskapet sin eigenutvikla vacuumteknologi.
Heile 74 prosent av omsetninga i fjor gjekk til den maritime marknaden.
– Den vidare marknadsutviklinga er med bakgrunn i Covi-19-situasjonen vanskeleg å føresjå, men det ventast utsettingar og kanselleringar, særleg innafor cruisesegmentet, skriv styret i årsrapporten som no er tilgjengeleg via Brønnøysundregistera.
Ser på nye marknader
Styret påpeiker at det er generell stor usikkerheit kring nybygg framover, og jobbar med å sikre seg fleire bein å stå på.
– Jets utviklar nye marknader utanfor maritim sektor, herunder løysingar retta mot hytter og småhus, supermarknader, mobile sanitæranlegg og næringsbygg, heiter det i årsrapporten.
Samtidig er det bestemt at satsinga på jernbane blir avslutta i 2020.
Rekordår i fjor
Omsetninga på 457 millionar i 2019, er den høgaste nokon gong og det same er driftsresultat og resultat før skatt (sjå tabell til høgre – under om du les på mobil).
Konsernet har en eigenkapital på nær 369 millionar kroner ved utløpet av 2019, og ei samla gjeld på drygt 91 millionar. Etter at det blei teke utbytte på 22 millionar i fjor, vert det ikkje teke ut noko etter 2019.
Konsernet hadde 164 årsverk i snitt i løpet av fjoråret.
Europa viktigaste marknad
Europa utanom Norge, var den viktigaste marknaden i 2019 og kring 60 prosent av inntektene kom herifrå. 15 prosent av inntektene kjem frå Norge, medan Asia og Nord-Amerika er dei viktigaste marknaden elles med knappe ti prosent av omsetninga.
Stokke Industri er no største eigar i Jets-konsernet med drygt 38 prosent av aksjane. Også Hagard AS og Øvsthus AS og Olav Hofseth eig alle meir enn ti prosent av aksjane.
Konsernet består av morselskapet Jets as og dotterselskapa Jets Bygg og Jets Vacuum, med tilhøyrande Ecomotive, Sia Jets Vacuum, Sia Jets Rail, Jets Sverige og Jets Ningbo.
Les også: Rekordstor ordreinngang for Jets
Jets vert uansett vinnar på Nor-Shipping
Det ventast utsettingar og kanselleringar, særleg innafor cruisesegmentet
Publisert: 07.09.2020 14:52
Sist oppdatert: 02.06.2021 09:33