Rekordår i koronaåret
Ko&Ko fekk rekordlønsemd i fjor.
Kjoleselskapet med kontor og distribusjonssentral i Herøy passert 23 millionar kroner i driftsinntekter og hadde eit resultat før skatt på 3,7 millionar i fjor.
Det er den beste lønsemda selskapet har hatt og kom etter ein auke i driftsinntektene på 17 prosent samanlikna med 2019 (sjå tabell).
Eksportvekst
Stine Elisabeth Goksøyr starta Ko&Ko i 2011, med 1,2 millionar kroner i driftsinntekter første året. Design og styring skjer frå Noreg, syinga hos underleverandørar i Aust-Europa. I åra 2012-2015 låg driftsinntektene i overkant av fem millionar årleg. Då starta ein bratt vektskurve som har gjort driftsinntektene over fire gangar større på fem år.
Det var salet til utlandet som auka mest i fjor, fortalde eigar og styreleiar Stine Elisabeth Goksøyr til NETT NO tidlegare i år.
– Salet i utlandet har bygd seg opp sakte over tid, men etter kvart har ballen begynt å rulle litt raskare, sa Goksøyr.
Både i Nederland og Sverige har Ko&Ko blitt oppdaga av aktørar med stor gjennomslag i sosiale media, som har gitt Ko&Ko solid drahjelp.
Nettbutikk
Ko&Ko sel kjolane sine først og fremst gjennom nettbutikken sin, som ikkje vart råka då deler av handelen måtte stenge av smittevernomsyn i mars i fjor.
Dessutan har selskapet som passa i koronatida, når store festar og arrangement måtte settast på vent,
– Vi sel mest kvardagskjolar, men hadde vi satsa meir på selskapskjolar, ville korona gitt større konsekvensar for oss, sa Goksøyr til NETT NO i mai i år.
Ko&Ko hadde og sflaks ved at selskapet nettopp hadde fått inn ei stor levering med klede rett før regjeringa stengte ned samfunnet i mars i fjor. Difor blei dei ikkje råka like hardt av utfordringane ved fabrikkane som følgje av smitteverntiltaka.
Ko&Ko as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekt | 23,6 | 20,1 |
Driftsresultat | 4,1 | 2,1 |
Resultat før skatt | 3,7 | 1,7 |
Publisert: 23.07.2021 11:00
Sist oppdatert: 23.07.2021 10:48