Koko Stine Elisabeth Goksøyr Øyvind Rekkedal Foto Ko Ko 11
30.000 KJOLAR: For augneblinken har Stine Elisabeth Goksøyr og Øyvind Rekkedal i Ko&Ko kring 30.000 kjoler på lager. Kvar veke blir hundrevis av ordrar sendt frå Fosnavåg. Foto: Ko&Ko
Nytt

No veks kjolesuksessen mest i utlandet

Koronaåret blei ingen nedtur for Ko&Ko, som når kundar på nye måtar i ein rekke ulike land.

Marius Rosbach
17.05.2021

Kjoleprodusenten Ko&Ko i Herøy held fram å vekse og i løpet av fjoråret var det salet til kundar i utlandet som auka mest.

Grunnleggar og eigar Stine Elisabeth Goksøyr av fortel at eksporten tidlegare har vore på kring 20 prosent, men at den no nærmar seg 40 prosent.

– Salet i utlandet har bygd seg opp sakte over tid, men etter kvart har ballen begynt å rulle litt raskare, fortel ho til NETT NO.

Ko Ko 2011 foto Ko Ko 11
FEIRAR TI ÅR: I mars var det ti år sidan Stine Elisabeth Goksøyr satsa med Ko&Ko. Slik presenterte bedrifta seg i 2011. Foto: Ko&Ko

– Døropnar i Nederland
Mellom anna opplevd dei i løpet av fjoråret at salet starta å ta av i Nederland, etter at entusiastiske Sun Yoon van Dijk starta å dele bilde av kjolane på sosiale media.

– Ho har vore ein ambassadør og døropnar i Nederland, og ga oss mange nye kundar. Norge er framleis størst, men i utlandet sel vi mest til Sverige. Der har vi hatt ein jamn vekst dei siste åra. Danmark og Finland kjem etter – og i tillegg har vi kundar i Tyskland, Luxenbourg, Belgia, Island og Færøyane, fortel Goksøyr.

I Sverige har Instagram-brukaren «Photopi4»ppdaga Ko&Ko og lagt ut bilder som har fått mykje merksemd. Goksøyr fortel at slike ting brått kan få ballen til å rulle i nye marknader.

Ko Ko Sun Instagram skjermdump 11
DØROPNAR I NEDERLAND: Sun Yoon van Dijk delar hyppig bilde med fargerike kle frå Ko&Ko. Slike delingar på sosiale media er ein kanal som kan opne fleire nye marknader. Foto: Instagram.com/sunvandijk

Ny rekordomsetning og pluss i fjor
Bedrifta blei etablert i 2011, og medan Goksøyr utviklar produkt og design, har ektemannen Øyvind Rekkedal styringa på alt frå administrative og ordrar.

Ho kan skrive under på at fjoråret ikkje var utan utfordringar. Men med grundig arbeid og ein dose flaks enda fjoråret likevel med ny rekordomsetning på drygt 23 millionar kroner.

Rekneskapen er ikkje levert enno, men Goksøyr stadfestar at veksten held fram for bedrifta, og at 2020-resultatet enda i pluss.

Hadde vi satsa meir på selskapskjolar, ville korona gitt større konsekvensar for oss
Stine Elisabeth Goksøyr

Har utvida utvalet kraftig
Klesbutikkar har opplevd stor nedgang under koronapandemien, men Ko&Ko sin viktigaste salskanal er via netthandel.

– Vi sel mest kvardagskjolar, men hadde vi satsa meir på selskapskjolar, ville korona gitt større konsekvensar for oss, fortel Goksøyr.

Samtidig hadde dei flaks ved at dei nettopp hadde fått inn ei stor levering med klede rett før regjeringa stengte ned samfunnet i mars i fjor. Difor blei dei ikkje råka like hardt av utfordringane ved fabrikkane som følgje av smitteverntiltaka.

– Vi har også utvikla oss veldig i utvalet når det kjem til alt frå design, fargar, lengde og storleiker, legg ho til.

Ko Ko bygg Mjølstadneset foto Ko Ko
EIGE BYGG: Bedrifta bygde nytt bygg på Mjølstadneset i Herøy i 2018. No har dei skilt ut bygget til eit holdingselskap. Foto: Ko&Ko

Oppretta nytt selskap
Ko&Ko har lager, distribusjonsentral og administrasjon på Mjølstadneset. Kjolane blir designa i Herøy og produsert i utlandet, før dei blir sendt ut til kundane frå Fosnavåg.

Goksøyr fortel at dei heile tida er bevisst på korleis dei kan betre drifta. Lager og logistikk er mellom områda dei har teke grep i løpet av det siste året.

Eit anna grep dei har gjort nyleg, er å opprette Ko&Ko Invest, som vil fungere som eit holdingselskap for verksemda. Om lag på dagen ti år sidan Ko&Ko as blei registrert, blei fisjonen gjennomført.

– Det gjer vi for å legge til rette for vidare vekst og skilje bygget frå drifta, fortel Goksøyr og viser til nybygget som kom på plass ved Mjølstadneset i 2018.

Publisert: 17.05.2021 05:55

Sist oppdatert: 17.06.2021 13:04

Mer om