Hornindal skisenter foto hornindal skisenter
REKORDSESONG: Hornindal skisenter hadde ope 75 dagar i løpet av fjorårssesongen. Ikkje sidan 2017/18 har dei hatt lengre ope. Foto: Hornindal Skisenter
Nytt

Rekordår og stort overskot for skisenter

Beste året nokon gong i Hornindal.

Marius Rosbach
25.01.2024

Hornindal Skisenter leverer eit rekneskap for fjorårssesongen som viser dei beste økonomiske resultata nokon gong. Det kjem fram i årsmeldinga som no er offentleg via Brønnøysundregistera.

Bakgrunnen er mellom anna at det blei sett nye rekordar for besøk og omsetning både i vinterferien og påska, skriv styret i årsmeldinga.

Millionauke i omsetninga
Selskapet har avvikande rekneskapesår, som følgjer skisesongane, ikkje kalenderåret. Inntektene auka til 4,6 millionar kroner, som er kring éin million kroner meir enn sesongen føre (sjå tabell under).

Eit overskot for skatt på kring 830.000 kroner, gir ein resultatmargin på svært solide 18 prosent.

Resultatet ligg langt over dei to siste sesongane, som samla enda med underskot i rekneskapane. Det gjer også at skisenteret har ein eigenkapital på nær fem millionar kroner.

Planlegg park og crossløype
Senteret blir i hovudsak drive på dugnad, men det vart også leigd inn tre personar på engasjement i sesongen.

Styret skriv i årsmeldinga at dei held fast på ein utviklingsplan, der neste steg er ein skipark på austsida av senteret – og deretter ein cross-løype. Det er også sett av plass for eit mogleg nytt trekk for å auke kapasiteten.

Ved å utvide produksjonen av kunstsnø, vil senteret også legge til rette for å opne skitrekket til topps med mindre snø.

Hornindal Idrettslag og Volda kommune er hovudaksjonærar i senteret som i februar i fjor markerte at det var ti år sidan dei starta drifta med T-heis i Grendadalen.

Hornindal Skisenter As*
Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt

4,6

3,6
Driftsresultat

1

0,1
Resultat før skatt0,80,1

* Selskapet har avvikande rekneskapsår som følgjer skisesongen. Tala viser korleis det gjekk i 2023/2022 og 2022/2021-sesongane.

Publisert: 25.01.2024 13:01

Sist oppdatert: 25.01.2024 13:01

Mer om