Rekruttering og havvind på dagsorden
Korleis «sjå breiare og tenke nytt» om rekruttering og debatt om havvind, er tema på Fosnavågkonferansen.
Torsdag er det klart for den årlege Fosnavågkonferansen med rekruttering, berekraft og vindkraft til havs som tema.
I år har konferansen også utvida med parallellsesjonar, slik at deltakarane kan fordjupe seg i ulike tema som berekraft til havs, juridiske rammevilkår i krevjande tider og utviklingstrekk i fiskeriet. Hav Group, advokatfirmaet Kvale og Sparebanken Møre står for desse sesjonane.
Må tenke nytt om rekruttering
Utfordringane med å rekruttere nye tilsette er blitt tøffare, er bakgrunnen for at dette temaet er sett på dagsorden.
- Når det er vanskeleg å rekruttere på tradisjonelt vis, må ein sjå breiare og tenke nytt. Det krev ny kompetanse også av dei som skal leie dei tilsette, og difor er det veldig kjekt at Loveleen Brenna, kunne vere med på konferansen, uttaler dagleg leiar Sissel Ødegård i Herøy Næringsforum og Havlandet, i ei pressemelding.
Brenna er forretningsutviklar og ein kjent foredragshaldar og forfattar. Ho skal snakke om korleis ein kan rekruttere og leie for å utløyse potensialet for mangfald og utvikle ein organisasjonskultur som fremmer verdiskaping og innovasjon.
Diskusjon om havvind
Som avslutning på konferansen blir det debatt om eit tema som både representerer utfordringar og store moglegheiter for næringslivet i regionen.
Til debatten stiller eit panel med nasjonale aktørar som skal debattere med samfunnsredaktør i Sunnmørsposten, Jan Erik Røsvik, som debattleiar.
Med i panelet er Ola Christian Olsen som er nestleiar i styret i Pelagisk Foreining, Helene Kristoffersen, fagsjef fangstbasert industri, Sjømatbedriftene, Marte Ziolkowski, rådgiver for politikk & analyse, Norges Rederiforbund og Lars Conradi Andersen, dagleg leiar Myklebust Verft.
Publisert: 27.09.2022 09:31
Sist oppdatert: 27.09.2022 16:08