Remoey aatvarar mot sentralisering
ÅTVARAR: Stig Remøy meiner det er blitt viktigare at verkemiddelapparatet i større grad er tett på eksportnæringane langs kysten. 
Nytt

Remøy åtvarar mot sentralisering

Reiaren vil at ny eksporteining opnar kontor i Ålesund.

Marius Rosbach
04.01.2021

I ein kronikk i Sunnmørsposten åtvarar Herøy-reiar Stig Remøy mot trenden med sentralisering og meiner viktige eksportnæringar langs kysten kan bli skadelidande om den held fram.

I eit intervju med Remøy i same avis går det fram at reiaren ønsker at det nye samanslåtte GIEK (Garantiinstituttet for eksportkreditt) og Eksportkreditt Norge opprettar eit kontor i Ålesund.

I ein rapport frå Deloitte i samband med omorganiseringa er anbefalinga at samanslåtte GIEK/Eksportkreditt blir lagt til Oslo, grunna nærleik til finansierings- og restruktureringsverksemder der.

Åtvarar mot berre Oslo-lokalisering
Remøy åtvarar mot at eininga berre blir lagt til hovudstaden. Han meiner at utviklinga med at lokaliseringa til dei store forretningsbankane langs kysten blir svakare, gjer at det er enno viktigare at verkemiddelapparatet er tett på dei maritime og marine næringane.

– Ei lokalisering berre i Oslo vil bidra til den motsette trenden. Det forsterkar sentraliseringa som allereie går føre seg både på land og på sokkelen, fordi verkemiddelapparatet ut frå plassering og vane favoriserer dei største verksemdene, skriv Remøy i kronikken.

Vil be om møte med næringsministeren
Herøy-reiaren peiker også på at Senterpartiet er det einaste partiet som «tydeleg og konsekvent kjempar mot sentralisering for sentraliseringa si skuld». Remøy åtvarar om at vegen vekk frå regjeringspartia kan vere kort for mange leiande folk i næringslivet langs kysten.

I Sunnmørsposten måndag seier samtidig Høgres Vetle Wang Solheim at han meiner det er eit godt forslag, og vil be om eit møte med næringsministeren om saka.

Vil ha Innovasjon Norge i førstelinja
I rapporten frå konsulentselskapet Deloitte blei det også foreslått at Innovasjon Norge i større grad enn før skal vere førstelinjeteneste inn til verkemidlane.

Regiondirektør Helge Gjerde i Innovasjon Norge Møre og Romsdal stilte seg i hovudsak positiv til forslaga, men sakna mellom anna korleis ei tydeleggjering av korleis apparatet kunne bli mindre komplekst og lettare å navigere i for bedriftene.

Bedrifter har klaga over at det er vanskeleg å finne fram i alle dei ulike støtteordningane for næringslivet, og at det opplevast som eit byråkratisk og lite brukarvennleg system.

Les også: Satsar sterkare på klyngene

Fem anbefalingar for meir eksport

Remøy jobbar for større fond for skraping av skip

Regiondirektør i Innovasjon Norge: Klar til å ta meir ansvar


Publisert: 04.01.2021 10:11

Sist oppdatert: 20.01.2023 23:54