- Her sit ein i ettertid og analyserer 2014, 2015, 2016. Du må gå tilbake og sjå kva du hadde å vurdere opp i mot, sa Remøy i si partsforklaring i retten i dag.
Remøy sine tidlegare partnarar i krillfiskeselskapet Emerald Fisheries krev 25,3 millionar kroner i erstatning frå Remøy fordi dei meiner han er personleg ansvarleg for at dei ikkje har fått betaling for minoritetsposten sin i Emerald Fisheries, som dei kravde innløyst i 2013.
Grunnlaget for kravet er fleire disposisjonar og transaksjonar som blei gjort i Olympic Holding-konsernet, før konkursen i Olympic Holding i desember 1016. Remøy-dominerte Olympic Holding var storaksjonær i Emerald Fisheries.
Emerald Fisheries gjekk konkurs i 2017.
Les meir om stridane rundt Emerald Fisheries og krillfisket under Relaterte saker
- Eg ser det er gjennomført transaksjonar til verdiar eg meiner er for lave, sa Frode Igland i si partsforklaring. Han var minoritetsaksjonær i Emerald Fisheries saman med Jørgen og Jon Reidar Ervik og deira familie.
Igland fortalde om ein sterk mistillit til Remøy frå minoritetsaksjonærane i Emerald Fisheries.
- Ei grunnleggande neglisjering av minoritetsaksjonærane sine rettar, sa Igland om korleis dei opplevde tilhøva i Emerald Fisheries.
Etter eit kort møte der partane rådslo kvar for seg vist det seg at det ikke var stemning for forlik og rettsaka kom i gang.
Så langt har advokatane gjort unna sine innleiingsforedrag og partsforklaringa. I morgon er det vitneavhøyr. Torsdag er siste dag og den er sett av til prosedyrar.
Remøy sine tidlegare partnarar i krillfiskeselskapet Emerald Fisheries krev 25,3 millionar kroner i erstatning frå Remøy fordi dei meiner han er personleg ansvarleg for at dei ikkje har fått betaling for minoritetsposten sin i Emerald Fisheries, som dei kravde innløyst i 2013.
Grunnlaget for kravet er fleire disposisjonar og transaksjonar som blei gjort i Olympic Holding-konsernet, før konkursen i Olympic Holding i desember 1016. Remøy-dominerte Olympic Holding var storaksjonær i Emerald Fisheries.
Emerald Fisheries gjekk konkurs i 2017.
Les meir om stridane rundt Emerald Fisheries og krillfisket under Relaterte saker
Usemje om verdi
Mellom dei sentrale transaksjonane er sal av aksjane i fiskebåtreiarlaga Nordøytrål as og Olympic Havfiske til Olympic Seafood.- Eg ser det er gjennomført transaksjonar til verdiar eg meiner er for lave, sa Frode Igland i si partsforklaring. Han var minoritetsaksjonær i Emerald Fisheries saman med Jørgen og Jon Reidar Ervik og deira familie.
Igland fortalde om ein sterk mistillit til Remøy frå minoritetsaksjonærane i Emerald Fisheries.
- Ei grunnleggande neglisjering av minoritetsaksjonærane sine rettar, sa Igland om korleis dei opplevde tilhøva i Emerald Fisheries.
Inviterte til forlik
Dommar Elisabeth Wiik starta rettsaka mellom Stig Remøy og minoritetsaksjonærane med å be dei om å vurdere å unngå forlik. Den oppmodinga var forgjeves, men då forhandlingane var slutt i dag oppmoda ho dei på nytt å vurdere forlik. Wiik viste mellom anna til risikoen for ein langvarig og kostbare prosess.Etter eit kort møte der partane rådslo kvar for seg vist det seg at det ikke var stemning for forlik og rettsaka kom i gang.
Så langt har advokatane gjort unna sine innleiingsforedrag og partsforklaringa. I morgon er det vitneavhøyr. Torsdag er siste dag og den er sett av til prosedyrar.
Publisert: 04.02.2020 16:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52






