Remoey la plan for omorganisering i 2013
TRE ADVOKATAR: Adviso stilte med tre advokatar første dag i retten. Ole-Reinhart Notø er prosessfullmektig assistert av Silje Bruun Teigen. Til høgre Adviso-advokat Martin Olsen Høye.
Nytt

Remøy la plan for omorganisering i 2013

Stig Remøy har ikkje gjennomført transaksjonar med mål om at dei tidlegare partnarane i krillfiskeselskapet Emerald Fisheries ikkje skulle få betalt for aksjane sine.

03.02.2020
Det var bodskapet då Remøys advokat Ole-Reinhart Notø starta innleiingsforedraget sitt i retten i dag.
Selskapa Ervik Marine as (Ervik-familien i Ålesund), Frode Igland as (Frode Igland i Bergen), Støylebakken as (Jon Reidar Ervik i Ålesund) og Fagerlia Invest (Jørgen Ervik i Ålesund) krev over 25,3 millionar kroner i erstatning frå Stig Remøy for aksjane sine i Emerald Fisheries, etter manglande betaling frå Remøy-selskapet Olympic Holding.
Det er ei ny runde i ein langvarig strid mellom dei tidlegare Emerald Fisheries-partnararne, der Remøy vert halden personleg ansvarleg at sine tidlegare kompanjongar etter konkursen i Olympic Holding.
Olympic Holding eigde over 90 prosent av aksjane i Emerald Fisheries og vart i august 2016 dømt til å betale cirka 25 millionar kroner for å løyse ut resten av eigarane. Olympic Holding melde oppbod i desember 2016. Dei tidlegare partnarane i Emerald Fisheries meiner Remøy er ansvarleg for fleire disposisjonar i Olympic Holding, som tappa selskapet for verdiar som kunne blitt brukt til å innfri deira krav.

Ut av samanheng

Notø argumenterte i sitt innlegg for at motparten har sett bort frå den dramatiske verknaden av offshore-krisa hadde på forretningsverksemda til Stig Remøy. Milliardverdiar fordampa på kort tid i 2016, og det er i det lyset ein må sjå på transaksjonane og disposisjonane som blei gjort.
I staden har motparten, etter Notø si vurdering, plukka ut ei rekkje enskildtransaksjonar.
– Då tek ein eigentleg heile situasjonen ut av sin samanheng, sa Notø.

Starta i 2013

Stig Remøy planla ei organisering av verksemda si i 2013 og starta arbeidet i 2014.
Målet var ei reindyrking og klarare skille mellom dei einskilde forretningsområda. Offshorekrisa kom som eit forstyrrande element, men omorganiseringa er i dag langt på veg gjennomføtrt som planlagt, i følgje Notø.
Notø held fram med si innleiing i morgon, onsdag 4. februar. I morgon skal og Frode Igland og Stig Remøy halde kvar si partsforklaring. Onsdag er det vitneførsel og torsdag prosedyrer.

Les også:



Publisert: 03.02.2020 16:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51