Ida wolden bache norges bank foto nils stian aasheim 1
STABIL RENTE: Heretter skal sentralbanksjef Ida Wolden Bache halde styringrente stabil. Foto: Noregs Bank
Nytt

Rentetoppen er nådd

Norges Bank overraske analytikarane. Og renta fell neppe før til hausten 2024

14.12.2023

(NPK-NTB-Kenneth Kandolf Haug): Styringsrenta aukar frå 4,25 til 4,5 prosent. Sjølv om Noregs Bank gjer som ho varsla i november, tok det mange på senga.

Og det blir truleg ikkje kutt med det første.

– Vi ser at økonomien kjøler seg ned, men prisveksten er framleis for høg. Ein auke i renta no reduserer faren for at prisveksten held seg høg lenge. Truleg held vi styringsrenta på 4,5 prosent ei god stund framover, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache i ei pressemelding.

Overraska analytikarane
Rentehevinga er i tråd med det Noregs Bank varsla etter førre rentemøte 2. november, men er likevel ikkje i tråd med det analytikarane hadde varsla.

Dei fleste rekna nemleg med at Noregs Bank ville la renta liggje på grunn av litt lågare kjerneinflasjon enn venta og uendra styringsrente i USA. I tillegg er det svært dårlege tider i byggjebransjen, som har varsla nærast full stopp i bustadbygginga.

Banken grunngir hevinga med at prisveksten framleis er klart over inflasjonsmålet på 2 prosent. Det er utsikter til at lønnsveksten held seg høg, og at krona har svekt seg vidare. Dermed blir renta liggjande på 4,5 prosent fram til hausten neste år, ifølgje prognosen.

Krona styrkte seg straks etter renteauken, skriv E24.

Varslar fall først til hausten
Bankane har åtte vekers varslingsfrist frå dei set opp renta, så låntakarar vil først merke rentehevinga før i februar, skriv Huseierne.

Ikkje alle bankkundar vil merke rentehevinga heller. BN Bank har allereie varsla at dei lèt renta liggje. Truleg varslar dei fleste bankane renteauke til veka.

På pressekonferansen sin etter rentekunngjeringa gjorde sentralbanksjefen det klart at det ikkje var ei enkel avgjerd.

– Mange har fått ein strammare økonomi, og for somme er det krevjande å få endane til å møtast. Hevar vi renta for mykje, bremsar vi økonomien meir enn nødvendig. Det ønskjer vi å unngå, sa Wolden Bache.

Samtidig er det ein risiko ved å la renta stå stille.

– På den andre sida er prisveksten framleis for høg. Hevar vi renta for lite, kan prisane halde fram med å stige raskt.

– Ein politikkfeil
Analytikarane, som altså forventa at renta skulle haldast på 4,25 prosent, er til dels skeptiske til renteauken.

– Dei hadde ikkje trunge å gjere dette. Det er ein politikkfeil. Inflasjonen er på veg ned, og internasjonalt er alle sentralbankane opptekne av når renta skal setjast ned. Noregs Bank er den siste sentralbanken som set opp renta i denne syklusen, seier sjeføkonom Bjørn Roger Wilhelmsen i Nordkinn Asset Management til Dagens Næringsliv.

– Her går vi heilt stikk motsett veg av det andre sentralbankar har gjort i det siste, seier seniorøkonom Oddmund Berg i DNB Markets til E24.

– Kjem til å svi
– Eg trur at dei fleste med bustadlån toler at bustadlånet blir endå litt dyrare. Men fram til vi får eit rentekutt, vil mange bli nøydde til å gjere omprioriteringar i kvardagsøkonomien sin. Dette kjem til å svi. Det kjem til å bli verre før det blir betre, seier forbrukarøkonom Magne Gundersen i Sparebank1.

– Dagens utfall er ganske haukaktig, konstaterer Nordea i pressemeldinga si.

– Dette er ei vond førjulsgåve frå Noregs Bank, spesielt til dei over 150.000 hushalda som ifølgje Sifo allereie er ille ute når det gjeld økonomisk tryggleik, seier gjeldsekspert Sebastian Mikolajczyk i Bank2.

Interesseorganisasjonen Huseierne kallar renteauken «julegaven norske husholdninger ikke trengte».

(©NPK)

Publisert: 14.12.2023 11:41

Sist oppdatert: 14.12.2023 14:25

Mer om