Rett opp for Vendanor
OPPTUR: Vendanor sine automatar for utskifting av gassbehaldarar har gitt selskapet vekst både i driftsinntekt og lønsemd. 2018 blei det mest lønsame året selskapet har hatt så langt.
Nytt

Rett opp for Vendanor

Seks gangar større på fire år. Opp 70 prosent i fjor

05.08.2019
Propangassautomatleverandøren Vendanor i Stryn i år inne i sitt femte driftsår og har hatt ein rask vekst.
I 2015 var driftsinntektene seks millionar kroner, i 2016 17,7 millionar kroner og i 2017 20,8 millionar kroner. 2018 enda med 35,3 millionar kroner etter ein svært god start på året.

Automatar

Ideen bak Vendanor er å erstatte manuell utskifting av gassbehaldarar med automatar.
I staden for å dra i butikken eller på bensinstasjonen når det er tomt for gass til gassgrillen din køyrer du berre innom næraste automat og kan erstatte den tomme behaldaren med ein ny og full, når som helst på døgnet.

Auka lønsemda

I 2016 gjekk selskapet, som blei etablert i 2013, i pluss for første gang og 2018 er det mest lønsame året selskapet har hatt så langt.
Resultatet før skatt i prosent av driftsinntektene (resultatmarginen) blei 13,3 prosent i 2018. I 2017 var den 5,2 prosent.

Publisert: 05.08.2019 06:00

Sist oppdatert: 04.02.2022 15:00

Mer om