Møre og Romsdal tingrett opna måndag konkurs i selskapet Oceantec etter krav frå skattestyresmaktene.
Bakgrunnen for konkursen var eit krav frå skatteetaten på drygt 350.000 kroner. Første skiftesamling i saka er planlagt 3. mars.
Ulstein-selskapet hadde spesialisert seg på å levere overflatebelegg om bord på skip, i tillegg konsulenttenester til den maritime industrien.
Rekordoppdrag på Rev Ocean-skipet
Omsetninga har gått jamt og trutt nedover frå rekordåret 2019, då dei omsette for meir enn sju millionar. Samtidig har resultata gått i minus.
Same år omtalte Nett No storkontrakten familiebedrifta hadde sikra seg om bord på Rev Ocan-skipet Kjell Inge Røkke skulle bygge hos Vard.
Som kjent er det kombinerte forskingsskipet og yachten til moldenseren fleire år forseinka. Det har ført til at leverandørar som Oceantec, ikkje har fått inntektene dei var førespegla.
Rekneskapane viser at eigenkapitalen i selskapet har vore negativ i fleire år. Styret har fleire gonger påpeika at det er usikkerheit kring vidare drift, og selskapet har ikkje hatt tilsette dei siste åra.
Hadde fleire prestisjeoppdrag
I rekneskapen for 2023 viser styret til ein stor kontrakt, som ein ventar oppklaring og oppstart på i 2024/2025.
Bustyrar Linda Brevik har måndag vore i kontakt med styreleiar som stadfestar at det dreiar seg om kontrakten på Rev Ocean-skipet. Det er vidare opplyst at det truleg ville vore naudsynt med reforhandlingar, etter fleire års utsetting.
Selskapet skulle legge eit syntetisk dekke om bord i skipet, mellom anna på helikopterdekket, sportsdekke og tre store badebasseng.
Tidlegare har selskapet hatt prestisjeoppdrag på hurtigruteskipa Fridtjof Nansen og Roald Amundsen, i tillegg til turistbåtane til Brim Explorer.
Publisert: 20.01.2025 16:12
Sist oppdatert: 20.01.2025 18:27